Hopp til innhold
X
Innhald

Søre luten hadde kapell på Silda

Silda sett frå Flatraket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Silda sett frå Flatraket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heilt fram til 1900 sokna Vågsøy formelt under presten i Selje, men lang reise over fårefulle hav gjorde at det alt i mellomalderen vart bygd eit kapell på øya Silda.

Dette kapellet er nemnt så tidleg som i 1340, og stod på øya til kring 1580. Då vart det truleg rive og flytta til Kapellneset sør for Raudeberg. Det er sannsynleg at ikkje berre Silda og nord-Vågsøy sokna til desse to kapella, men også folket som budde på fastlandet innanfor – kring Osmundsvåg og Flatraket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010