Hopp til innhold
X
Innhald

Stad skipstunnel

På dette flyfotoet ser vi kvar Stad skipstunnel skal gå - frå Moldefjorden (til høgre) til Kjødepollen (til venstre). Foto: Stig Silden.

På dette flyfotoet ser vi kvar Stad skipstunnel skal gå - frå Moldefjorden (til høgre) til Kjødepollen (til venstre). Foto: Stig Silden.

Frå midt på 1980-talet har det vorte arbeidd aktivt for å få starte med å sprenge ut ein 1.800 meter lang skipstunnel frå Eide i Moldefjorden, under Mannseidet, til Kjødepollen på nordaustsida av Stadhalvøya. Mannen som blir rekna som skipstunnelen sin far, er Johannes Baldersheim frå Bømlo. Han fekk etter kvart støtte frå ordførarane Åge Starheim i Selje og Jan Helgøy i Vanylven, og selskapet L/L Stad Skipstunnel vart skipa.

Modell som viser tverrsnittet av den planlagde skipstunnelen.

Modell som viser tverrsnittet av den planlagde skipstunnelen.

Med ein slik skipstunnel i «rota» på Stadhalvøya kunne opptil middels store fiskebåtar sleppe å krysse det farlege Stadhavet. Det er L/L Stad Skipstunnel som koordinerer arbeidet med prosjektet. Stad Skipstunnel kom ikkje med på framlegget til Nasjonal Transportplan for perioden 2006-2015.

Gjennombrot i 2013

Men i 2013 kom tunnelen med i Nasjonal Transportplan. Det vart sett av ein milliard kroner, truleg kan bygginga kome i gang i 2018.

Ideen lansert alt i 1874

Første gong det vart gjort framlegg om å byggje ein skipstunnel under Stadhalvøya, var i ein artikkel i «Nordre Bergenhus Amtstidende» i 1874. Omlag samstundes vart det i ein annan artikkel i same avis gjort framlegg om ein «jernbanetunnel» under Mannseidet, der ein kunne heise båtane opp på vogner og såleis ta dei gjennom ein «landverts» tunnel til den andre sida! Ei slik løysing kunne verte berre halvparten så dyr som ein tunnel der skipa kunne flyte på eigen kjøl gjennom.

Les meir om det farlege Stadhavet

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2013