Hopp til innhold
X
Innhald

Stadt Servicesenter AS

Stadt Servicesenter AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stadt Servicesenter AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stadt Servicesenter AS på Leikanger vart starta i 1991 av Sølvi og Frank Hoddevik. Dei tok då over ein bensinstasjon som først hadde vorte driven av Nordfjord og Sunnmøre Billag og deretter nokre år av Ottar Vinsrygg under firmanamnet OtVi. Frank Hoddevik døydde i 1998, og Sølvi Hoddevik dreiv firmaet vidare.

Stadt Servicesenter driv i tillegg til bensinstasjon også bilverkstad og kiosk og har fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.01.2010