Hopp til innhold
X
Innhald

Statkraft i Selje

Hoddevik frå lufta. Foto: Stig Silden.

Hoddevik frå lufta. Foto: Stig Silden.

Statkraft hadde planar om å byggje eit av landets største vindkraftverk på Hoddevikfjellet. Det var planlagt 34 vindmøller som kvar skulle ha ei høgde på 70 meter.

Kommunestyret godkjende planane, som m.a. møtte sterk motstand frå Norges Naturvernforbund og Fortidsminneforeningen. I april 2002 avslo NVE søknaden om vindmøllepark i det særeigne kystlandskapet på Stad.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.03.2010