Hopp til innhold
X
Innhald

Statlandets handelslag A/S

Stad Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stad Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statlandets Handelslag A/S vart starta i 1915 på Leikanger, og aksjeeigarane kom frå dei fleste bygdene på Stad. Det første forretningsbygget til laget brann i mellomkrigstida, og på tufta vart det reist eit nytt og større handelshus. Laget reiv dette på 1980-talet, men hadde så vidt nådd å ta nyebutikken i bruk då Statlandets Handelslag gjekk konkurs i 1988.

Butikken vart då teken over av Romandus Stave som kalla den Stad Handel. Stave dreiv til Fredrik Hovden Borgund tok over i 2008. Butikken er tilslutta Bunnpris-kjeden.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.01.2010