Hopp til innhold
X
Innhald

Strid om veg over Sandvikseidet

Vegen over Sandvikseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen over Sandvikseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen over Sandvikseidet har ei største høgd på 265 meter over havet. Vegen vart opna i 1901, men kom første gong på tale i 1861, og då som eit alternativ til ein skikkeleg køyreveg over Mannseidet.

I vegstriden som fylgde, vart det i 1884 spela inn eit tredje vegalternativ mellom sørsida og nordsida av Stadhalvøya: Liberravegen. Dette alternativet vart fremja i samband med at Selje kommunestyre i 1884 bad om at vegstellet stakk lina for vegen over Sandvikseidet. Liberra ligg lengre vest enn Sandvikseidet og var den gamle kyrkjevegen for stadværingane til kyrkja i Selje.

No var det brått tre lineval med i spelet: Opprusting med ny veg over Mannseidet, ny veg over Sandvikseidet, eller Liberravegen i staden for Sandvikeidet-lina. I 1896 fall striden ut til fordel for opprusting av vegen over Mannseidet.

Ei ”ytre line” over Sandvikseidet måtte difor vente på tur etter at Mannseidet var opprusta. Vegen over Sandvikseidet vart først opna i 1901. I Sandvik på nordsida vart fjellvegen kopla saman med vegen frå Sandvik og vestover til bygdesenteret Leikanger på Stadlandet som var ferdigbygd i 1897.

Riksvegen frå Sandvik og austover mot Einehaugen ved Kjødepollen var ferdig til Stokkevåg i 1953, og ferdig heilt inn til krysset med riksveg 618 på Kjøde i 1960.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.02.2010