Hopp til innhold
X
Innhald

Sunniva-skrinet

Sunniva-skrinet med det ein meinte var beinrestane etter den heilage kvinna St. Sunniva, vart teke vare på på Selja til 1170. Då vart skrinet flytta til Kristkyrkja i Bergen. Frå omlag same tid reknar ein med at bispen vart buande fast i Bergen. Sidan har bispesetet i Bjørgvin vore Bergen.

Sunnivaskrinet vart truleg øydelagt då Munkeliv kloster i Bergen vart rive under reformasjonen 1536. Deler av eit skrin som skal stamme frå Selja, Flåværskrinet, er stilt ut på Bergen Museum.

Sjå også: Selje kloster og Sunniva-legenden.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011