Hopp til innhold
X
Innhald

Svensk åtak på Selje kloster?

Selje kloster i 1948. Ukjend fotograf. Eigar: Johanna Grodås Otterdal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Selje kloster i 1948. Ukjend fotograf. Eigar: Johanna Grodås Otterdal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ei segn fortel at 3-4 svenske krigsskip ein gong på 1500-talet gjekk til åtak på Selje kloster og skaut bygningane i filler.

Dette har truleg hendt under sjuårskrigen mellom Sverige og Noreg/Danmark 1563–1570. Munkane på klosteret berga det dei greidde av gull og andre dyrebare gjenstandar i ein stor kjele som dei kalla Gildekjelen. Dei knytte eit reip i kjelen og søkkte han i sjøen. Men då fienden var reist og dei skulle hale opp kjelen, slitna reipet, og kjelen vart for all tid borte på havbotnen. Det same hende med den store kyrkjeklokka frå klosteret.

Det vert fortalt at ein mann frå bygda Lote i Eid, Amund, baud hard motstand mot svenskane under denne striden. Krigen og sjørøveria som fylgde av den, gjorde at folk inne frå fjordane låg ute ved kysten i leidang for å halde vakt og stå imot åtak frå svenske sjørøvarskip.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011