Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Bernhard Nybø

Sverre Bernhard Nybø (1903-1976). Fødd i Oslo, oppvaksen  i Selje og busett seinare på Åheim. Prest og Høgre-politikar.

Sverre Bernhard Nybø (1903-1976). Fødd i Oslo, oppvaksen i Selje og busett seinare på Åheim. Prest og Høgre-politikar.

Cand. theol. frå Menighetsfakultetet 1929. Hjelpeprest i Selje 1930–1938, derav dei to siste åra som konstituert sokneprest. Sokneprest i Vanylven 1939–1974, og i denne tida prost i Sunnmøre prosti frå 1964 til 1974. Sat som medlem av kommunestyret i Vanylven frå freden 1945 til 1963, derav som ordførar i 1945, varaordførar 1947–1950 og ordførar 1959–1961.

Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1953 til 1973, derav som formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1969–1973.

Nybø hadde ei mengd tillitsverv i m.a. partistyringa og i landsstyra for fleire kristelege organisasjonar, og gjorde ein stor innsats i etterkrigsåra for organisering av kraftforsyninga på søre Sunnmøre. Styremedlem i Vestlandske Kraftsamband L/L 1954–1963.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1959. Son av prost Reiel Nybø.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.03.2010