Hopp til innhold
X
Innhald

Taktisk røysting gav uventa ordførarval

Ved ordførarvalet i 1870 vart bonde Peder Ingebrigtson Sandvik vald til ordførar utan å vere kandidat.

Derimot var det fire andre i formannskapet som hadde lyst på ordførarklubba. Den gongen var det formannskapet som valde ordførar. For å hindre at nokon av dei tre andre «motkandidatane» skulle få fortrinn, var det ein av dei fire ambisiøse som gjorde framlegg om at ein skulle gå til val av ordførar utan formelle kandidatar: Kvar og ein kunne skrive det namnet dei lysta på røystesetelen.

Men taktikaren bomma stygt: For å « kaste bort» røysta slik at ikkje nokon av dei andre uformelle ordførarspirane skulle vinne, røysta alle fire i staden på Sandvik, som dermed vart ny ordførar.

– Nei, men kva gjorde de no karar! var det første Sandvik sa då han såg valresultatet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.06.2008