Hopp til innhold
X
Innhald

Tjodvegen over Dragseidet

Dagens veg over Dragseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens veg over Dragseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei to eldste offentlege vegane i Sogn og Fjordane er vegen over Dragseidet i Selje og vegen frå Lærdal til Valdres over Filefjell. Etter Gulatingslova skulle vegbreidda kontrollerast ved å ri «baugreid» , d.v.s. at ein skulle ri med eit spyd - på norrønt: tjod - på tvers over hestesalen.

I kvar ende av spydet skulle det hengje ein vidjering. Kvar kvist som reiv av vidjeringar måtte ryddast bort. «Tjodgata» – eller «tjodvegen» - måtte såleis minst ha fem alners breidde (vel tre meter). Nemninga «baugreid» var med i det norske lovverket så seint som i Christina V's norske lov i 1687. Elles nytta folket på Stad mykje ein gangveg over halvøya til Liset på sørsida – Liberravegen – når dei skulle til kyrkje i Selje i gamal tid.

– Sjå elles Strid om veg over Sandvikseidet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2010