Hopp til innhold
X
Innhald

Trandamperi og slipp

Selje ca. 1930.

Selje ca. 1930.

Under dei rike torskefiskeria på 1920-talet låg det seks trandamperi kring Selje sentrum. I same periode dreiv Selje Slip og Mekaniske Verksted med vedlikehald av fiskebåtar.

Karl Aardal tok over slippen ca. 1948, og bygde større fiskebåtar i tre - sjå Aardals Båtbyggeri. Verkstaden hadde to slippar. Den største båten var snurparen «Falkøy».

Det vart også produsert nokre få båtmotorar i verkstaden. Både trandamperia og slippen vart nedlagde då nedgangstidene kom på 1930-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.03.2010