Hopp til innhold
X
Innhald

Ulrik Vilhelm Boyesen Koren

Ulrik Vilhelm Boyesen Koren (1830–1911) frå Selje, busett i Kalvåg. Prest.

Ulrik Vilhelm Boyesen Koren (1830–1911) frå Selje, busett i Kalvåg. Prest.

Første sokneprest i Bremanger prestegjeld etter at det vart skilt ut frå Kinn prestegjeld i 1864. Han var son av den kjende soknepresten Wilhelm Frimann Koren i Selje, og både Ulrik og ein presteutdanna bror fungerte ei tid som såkalla personellkapellanar i embetet til den aldrande faren i Selje.

Koren stod for bygginga av Frøya kyrkje like ved Kalvåg i 1865 og bygging av ny prestegard ved at ei gamal handelsstove vart flytta frå kremmarleiet Borgund (sjå Kremmarleie i Borgundvågen) på Stadlandet og flytta til Frøyen nedre. Prestegardshuset står framleis, og det var i dette huset at kunstnaren Nikolai Astrup vart fødd i 1880.

I tida i Bremanger dreiv Koren sitt eige sildebruk. Han flytta frå Bremanger for å verte sokneprest i Sveio i 1873. Han vart seinare prost i Lista prosti.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010