Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Selje

Ein havarert fiskebåt har fått slepar om bord ved Gamla på Stad. Foto: NRK.

Ein havarert fiskebåt har fått slepar om bord ved Gamla på Stad. Foto: NRK.

I kystkommunen Selje er drukningsulukkene tallause. Stadhavet er eitt av dei mest frykta havstykka på Norskekysten. Stadhavet har fram gjennom hundreåra kravd hundretals menneskeliv. Særleg ille gjekk det då eit stort tal nordlandsjekter forliste i stormar på Stadhavet i åra 1594, 1692 og 1763.

Bygdebøkene fortel at mest kvart hus i Selje har folk som har kome bort på sjøen. Oversynet nedanfor tek berre med ulukker med fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende.

Tragedien på Stadhavet 1594

Presten og historikaren Absalon Pedersøn Beyer fortel om truleg den største skipskatastrofen som har hendt på Norskekysten i fredstid:

I 1594 skal 15 skip og jekter ha forlist i same stormen på Stadhavet. 20 til 40 menneske på kvart skip omkom, d.v.s. at mellom 300 og 600 menneske miste livet. Grunnen til det store talet omkomne, var at nordlendingar tok med seg både kvinner og born frå huslyden når dei reiste med frakter til Bergen.

1692

1692

I 1692 forliste 16 nordlandsjekter på Stadhavet på veg til Bergen med last. Ein stor del av mannskapet omkom. Diktarpresten Petter Dass var ein av dei som miste jekta i denne stormen, og han har skildra hendinga i dikt.

1728

I 1728 forliste ei jekt frå Sunnmøre utanfor Stad. Tre omkom. 12 vart berga.

1763

I 1763 fortel Alb. Dass at 14 nordlands-jekter forliste, og mellom 15 og 20 menneske omkom.

1788

I 1788 drukna to menn frå garden Ferstad då båten deira gjekk rundt i samband med frakting av geiter til ein beiteplass ved Ervika.

1790

Ca. 1790 omkom faren og to døtre på garden Slettebakken i eit snøskred.

1801

I 1801 forliste seglskuta «Jomfru Elisabeth» utanfor Ervik, og mannskapet vart berga av folk frå Ervik.

1849

I 1849 omkom fire menn frå Honningsvåg ved flua Stålet på Stadhavet. Dei fire var rorskarar til losen som gjekk ut frå Honningsvåg under ein storm for å assistere eit seglskip.

1860

I 1860 drukna to menn frå Kråkenes då dei rodde på ei flu og drukna etter eit ærend i Osmundsvåg.

1862

I 1862 dreiv jekta «Alpha» inn på Ervik, forlist og utan mannskap.

I 1862forliste skonnerten «Marie» ved Venøytangane. fem av mannskapet omkom, og losen, som var frå Silda.

1868

I 1868 drukna losen og rorsdrengen hans då båten deira kvelvde ved flua Stålet. To andre ombord berga seg.

1869

I februar 1869 omkom mange fiskarar i ein orkan som rasa over Stad og Sunnmøre i tre dagar. Fire mann frå Selje omkom.

I 1869 omkom tre fiskarar frå Sjåstad utanfor Refvik i Nord-Vågsøy.

Minnestein over omkomne på havet ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnestein over omkomne på havet ved Leikanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1875

I mars 1875 omkom åtte mann i ein storm utanfor Ervik på Stad.

1882

I 1882 brann det kombinerte skulehuset og klokkargarden i Selje ned. Tre av klokkarborna brann inne.

1897

I 1897 omkom ei kvinne frå Leikanger i eit snøskred.

1899

I mars 1899 omkom fire mann frå Stad. Dei kollsiglde på veg til lands etter garnsetjing.

1920

Ved Ervik-ulukka omkom åtte fiskarar frå Ervik og Morkadalen i ein storm på Stadhavet. Denne dagen låg 30 færingar med 60 mann på fiske utanfor Ervik, då ein sterk storm kom som kasta på dei. Dei fleste båtane kvelva, og takka vere ein stor innsats frå redningsmannskap vart dei fleste berga.

1940-1945 - Forlis under 2. verdskrig

Sjå: Krigshistoria i Selje og Sanct Svithun-forliset

1944

Fiskeskøyta «Flyvefisken» gjekk ned med fire mann på hålinefiske utanfor Stad. Truleg gjekk den på ei mine.


Minneplate over dei omkomne i Stavenes-forliset i 1953. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minneplate over dei omkomne i Stavenes-forliset i 1953. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1953

I januar 1953 vart fiskebåten «Stavenes» frå Stadlandet pårent bakfrå av ein lastebåt mellom Haugsholmen og Åramsundet nord for Stad. Alle dei åtte ombord på «Stavenes» omkom. Fiskebåten var på veg heim etter å ha lossa sild i Sandshamn då ulukka hende.

Brenning-forliset

i 1956 kravde 19 menneskeliv på Stadhavet. Fiskebåten Brenning frå Sørfold i Nordland gjekk rundt, og redningsmannskap kunne høyre bankesigsnala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land.

1958

I 1958 omkom ein mann frå Beitveit i eit snøskred.

1966

I mars 1966 forliste frakteskuta ”Olebjørn” frå Vestnes på Stadhavet, og fire menn omkom. Tre av dei var far og to søner.

1971

Linebåten «Seilfjell» frå Silda (sjå Vågsøy kommune) forliste 2. januar på Vikingbanken. Ni mann omkom, tre av dei frå Rundereim i Selje.

1976

I 1976 omkom to av mannskapet då det kjende forskingsskipet «Helland Hansen» forliste og sokk ved Svinøy like nord for Stad.

1978

I 1978 omkom ein person då lasteskipet ”Aro” forliste på Stadhavet.

1983

I 1983 miste ein mann livet då trålaren «Kågtind» kolliderte og sokk utanfor Selje.

1983

I 1983 omkom fire mann då tørrlasteskipet «Raunefjord» forliste og sokk utanfor Selje.

1984

I 1984 omkom to personar då tørrlasteskipet «Sun Coast» forliste og sokk utanfor Selje.

2003

2003

Hurtigruteskipet «Midtnatsol» (bygd 2003) med 161 passasjerar og mannskap ombord var 150 meter frå å drive på grunn på skjera Bukketjuvane ved Stadlandet då skipet den 14. desember 2003 fekk motorstopp. Det bles full storm, og ankera tok feste i siste liten.

Sjå elles:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2015