Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Selje til Amerika

 Håkon Drage var ein av mange frå Selje som freista lukka i Amerika. Han fekk seg gard i Wisconsin. På baksida av dette biletet som han sende heim til gamlelandet står det: Her ser du meg sitte på ein traktor, ein dag eg skulle i åkeren og kultivere mais. Ukjend fotograf. Eigar: Bernt Stokkevåg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Historikaren Jakob Aaland har registrert utvandringa frå Selje og Vågsøy til Amerika i perioden frå dei første drog i 1851 og fram til 1925. I heile denne perioden på 75 år reiste det i alt 1046 personar til Amerika. Av desse skal 96 ha kome heim att. Utvandringa fordeler seg slik på tidsbolkane i perioden: 1851-1881: 105 1882-1896: 275 1897-1910: 395 1911-1925: 271 Dei fleste utvandrarane busette seg i Midtvesten, men områda kring Seattle på vestkysten var også eit populært område for utvandra fjordingar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 28.05.2010