Hopp til innhold
X
Innhald

Veg over Sandvikseidet

(265 meter o.h.) kom første gong på tale i 1861, men konkurrerte lenge med ynskjet om ein skikkeleg køyreveg over Mannseidet som hovudsamband internt i kommunen mellom Stadlandet og Selje – og som hovudsamband frå Selje og vidare mot riksvegnettet via Åheim i Vanylven.

Det er tydeleg at vegstriden på 1890-talet dreia seg om eit antan-eller, og ikkje eit både-og om dei to vegane over fjellet. Men i 1901 var begge fjellvegane over dei to låge eida ein realitet likevel. I 1861 gjekk Vanylven kommune inn for Sandvikseidet, og Selje formannskap søkte om at Sandvikseidet skulle verte hovudveg. Ein vegingeniør vurderte anlegget og la fram ein mellombels plan for Sandvikseid-vegen i 1862, men andre vegprosjekt kringom i kommunen gjorde at Sandvikseid-prosjektet vart skuva til side.

I 1884 søkte Selje kommunestyre om at vegen over Sandviks-eidet vart stukken, men då vart det reist eit motframlegg: Vegsambandet mellom Selje og Stadlandet burde fylgje den gamle «kyrkjevegen» over Liberra lengre vest. Dette utløyste ein strid om lineval som til slutt fall ut til førmon for vegprosjektet over Mannseidet. Ei «ytre line» over Sandvikseidet måtte difor vente på tur etter Manneidet, og vart først opna i 1901. Denne gav samanhengande veg mellom kommunesenteret Selje og Stadlandet, sidan vegen mellom Sandvik og Leikanger var ferdig i 1897. Vegen frå Sandvik og austover mot Einehaugen ved Kjødepollen var ferdig kring 1960.

Vegane på ytre Stadlandet

Veg gjennom Morkadalen mellom Leikanger og til Ferstad og Ervik på Ytre Stadlandet var ferdig i 1876.

Turistvegen til Vestkapp (Kjerringa)

- sjå artikkelen: Vegane på ytre Stadlandet.

Vegar til Drage og Hoddevik

Skipsdraget over Dragseidet (170 meter o.h.) har eksistert sidan førhistorisk tid (sjå artikkelen: Tjodvegen over Dragseidet. I 1889 vart det bygd skikkeleg køyreveg over eidet frå sjø til sjø. Frå midt oppe på Dragseidet vart det bygd veg vestover til Hoddevik i 1925.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.05.2008