Hopp til innhold
X
Innhald

Vegane på ytre Stadlandet

Honningsvåg frå lufta. © Fylkesarkivet.

Honningsvåg frå lufta. © Fylkesarkivet.

Veg til Ervik

Veg gjennom Morkadalen mellom Leikanger og til Ferstad og Ervik på Ytre Stadlandet var ferdig i 1875.

Veg til Honningsvåg

Vegen frå Ferstad og over fjellet mot Årvik på nordsida kom i 1880, og denne vegen vart ført vidare til Honningsvåg i 1933. Vegen vart bygd til Ytre Honningsvåg i 1939. Vegen vart lagd om og utbetra frå Leikanger til Honningsvåg i 1973. Bygdefolket i Honninsvåg og Årvik har ynskt å få vegsamband mot Leikanger via Eltvik og Borgundvåg i staden for fjellvegen over til Ferstad, men har hittil ikkje vorte høyrde.

Utsyn frå Vestkappvegen. Nede til venstre ser vi Myrstad og Teigane, der Vestkappvegen tek av frå vegen mot Honningsvåg. Foto: NRK.

Utsyn frå Vestkappvegen. Nede til venstre ser vi Myrstad og Teigane, der Vestkappvegen tek av frå vegen mot Honningsvåg. Foto: NRK.

Vestkappvegen

Turistvegen til Vestkapp på fjellet Kjerringa svingar av vestover frå vegen Ferstad- Årvik oppe på fjellet. Vegen vart bygd som naudsarbeid for arbeidslause på 1930-talet. Den Norske Turistforening stod som byggherre. Vestkappvegen vart utbetra på 1960-talet.

Borgundvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Borgundvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Borgundvåg

Vegen vestover frå Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg på nordsida av Stadlandet vart opna i 1936. Mykje av vegen vart bygd med naudsmidlar som sysselsettingsprosjekt for arbeidslause.

Drage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Drage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegar til Drage

Skipsdraget over Dragseidet (170 meter o.h.) har eksistert sidan førhistorisk tid (sjå artikkelen: Tjodvegen over Dragseidet. I 1889 vart det bygd skikkeleg køyreveg over eidet frå sjø til sjø.

Veg til Hoddevik

Vegen frå Drage og over fjellet til Hoddevik vart bygd i 1921, og heilt fram til Hoddeviksanden i 1925. Vegen er nærmare åtte kilometer lang og går i mange svingar ned den bratte fjellsida mot Hoddevik på vestsida av fjellet.

Hoddevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoddevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Eltvik

Vegen til Eltvik frå Tungevåg vart opna i 1959. Ein del av midlane til vegen vart løyvde av Statens Hamnevesen som såg det tenleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å byggje eit kostbart hamneanlegg i Eltvik.

Veg til Indre Fure

Indre Fure fekk vegsamband innover til Drage i 1970.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.04.2010