Hopp til innhold
X
Innhald

Vegplanar Selje-Bryggja

Vegen frå Selje mot Eide. Oppe til venstre ser vi Mannseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen frå Selje mot Eide. Oppe til venstre ser vi Mannseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då garden Eide inst i Moldefjorden vart postopneri for poststamruta langs kysten i 1823, vart det i tillegg til postruta over Mannseidet også skipa ei sidegrein for posten frå Eide og innover til embetsgardane i Nordfjord.

Denne postruta gjekk over fjellet frå Berstad sør for Eide, og over til Rimstaddalen og til kremmarleiet på Bryggja ved Nordfjorden, og derfrå med robåt innover.

I 1842 tok formannskapet i Selje opp tanken om ein køyreveg over Berstadeidet. Men Selje ville velte anleggsutgiftene over på Davik kommune på sørsida: Selje hevda nemleg at folket i Davik hadde mindre vegplikter å slite med enn i Selje, der ein hadde Dragseidet og Mannseidet frå før. I Selje tapte interessa for veg over Berstadeidet seg snøgt, for i 1858 gjekk kommunestyret inn for å støtte vegprosjektet over Maurstadeidet mellom Åheim og Maurstad/Bryggja som sambandsveg sørover. Denne vegen vart opna i 1866.

Vinterføre på vegen mellom Bryggja og Åheim. Foto: Stein Otto Førde.

Vinterføre på vegen mellom Bryggja og Åheim. Foto: Stein Otto Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011