Hopp til innhold
X
Innhald

Verd å sjå i Selje

Selje kloster. Foto: Lilli Ann Seljeseth

Selje kloster. Foto: Lilli Ann Seljeseth

Selje klosterruinar

– også kalla St. Sunniva-klosteret på vestsida av Seljeøya, båt frå Selje sentrum. Sjå Selje kloster og Sunniva-legenden.

Ervika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vakre sandstrender

i Selje sentrum (Seljesanden), Ervik og Hoddevik - den siste med særmerkte flygesanddyner.

Hoddeviksanden

er og eit eldorado for bylgjesurfarar.

Hoddevik. Foto: Jan Ove Hoddevik

Hoddevik. Foto: Jan Ove Hoddevik

Dragseidet som tjodveg

– fjellpasset på Stadhalvøya der vikingane drog båtane sine over, og der Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997. Steinkross frå 1913 på staden.

Gravplassen i Ervik. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gravplassen i Ervik. Foto: Ottar Starheim, NRK

Ervik

med minnekapellet etter hurtigruta Sanct Svithun-forliset i 1943. Biletsamling og gjenstandar frå skipet i kyrkja. Særmerkt gravplass og landskap kring kyrkja. Utsiktspunkt med tyske festningsverk på fjellet Hovden sør for Erviksanden.

Vestkapp

er marknadsført som Noregs vestlegaste fastlandspunkt. Ligg på toppen av fjellet Kjerringa 496 m.o.h. ytst på Stadhalvøya. Bilveg og parkeringsplassar, restaurant og kiosk på toppen.

Galleriet mot Storhavet

i Lisetstranda ved Selje, der kunstnarane Vigdis Wåge og Kjell Stig Amdam har bygd opp eit særmerkt kunstsenter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.02.2012