Hopp til innhold
X
Innhald

Wald Drageseth

Meir enn 300 tilsette

Wald Drageseth (1920-1994), frå Selje. Industri- og forretningsmann. Wald Drageseth vert rekna som ein av dei fremste industribyggjarane i Sogn og Fjordane gjennom tidene. .

Meir enn 300 tilsette

Wald Drageseth var den drivande krafta i etableringa av Selje Skjortefabrikk i 1946, lystbåtfabrikken Selje Bruk A/S i 1961, Selje Hotell 1975 og Selje Plastindustri i 1976 (sjå Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje). På det meste sysselsette desse verksemdene over 300 personar.

Poltisk engasjert

Han hadde ei rad politiske tillitsverv i Selje kommune og på regionalt nivå, og arbeidde særskilt for bygging av skikkelege sambandsvegar mellom heimbygda og omverda.

Førenamnet Wald hadde han etter morfar Wald Skaaden, som grunnla Indvikens Uldvarefabrik i 1890.

Wald Drageseth fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1984.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010