Hopp til innhold
X
Innhald

Wik Daglegvarer A/S

Wik Daglegvarer A/S på Flatraket vart starta i 1971 av Magnar og Mary Ann Wik.

Wik Daglegvarer A/S på Flatraket vart starta i 1971 av Magnar og Mary Ann Wik.

Ekteparet starta butikken etter oppmoding frå bygdefolket fordi bygda då stod utan daglegvarebutikk. Leif Runderheim, som hadde drive butikk på Flatraket i mange år, hadde då nett lagt ned. Dottera Gunn Helen Wik tok over drifta av Wik Daglegvarer i 2004, og i 2006 vart butikken tilslutta Joker-kjeden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011