Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Frimann Koren

Wilhelm Frimann Koren (1801-1891). Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år.

Wilhelm Frimann Koren (1801-1891). Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år.

Tok presteeksamen i 1826 ved Univeristetet i Oslo. Prest i Selje frå 1826, og prost i Nordfjord frå 1836 - eit embete som han hadde heilt fram til 1875. Han vart ein svært folkekjær prest som bad kyrkjelyden inn på prestegarden for å fli seg og kle seg om før preika, og til mat og drikke etter preika. Brurefylgje fekk ta ein svingom i «Grønehuset» i prestegarden.

Velståande prest

Han var ein velståande mann, med eiga jekt, eigne fiskebåtar og notbruk. I prestegarden heldt han seks drengar og sju tenestejenter. Prestegarden fødde m.a. 20 mjølkekyr og hadde tre hestar på den tida.

Grunnla bibliotek

Koren grunnla med eigne midlar eit almuebibliotek 1834, eit av dei første i Sogn og Fjordane. – Sjå elles Sogndal kommune om det første folkebilioteket der, i artikkelen: Leseselskap kan ha vore folkehøgskule.

Hjelpte bøndene

Koren gjorde elles ein stor innsats med å hjelpe bøndene å løyse inn gardar som hadde høyrt under St. Jørgen Hospital (spitalgodset) og under prestegarden i Selje, slik at 50 slike bønder hadde vorte sjølveigarar i 1851.

Første ordføraren

Koren var første ordføraren i Selje frå 1837. – Les meir om striden om ordførarvervet med kjøpmann Nils Rønneberg under Kommunehistoria i Selje.

Far til Ulrik Vilhelm Boyesen Koren .

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010