Hopp til innhold
X
Innhald

Aage Aaberge

Aage Aaberge fødd 1955 i Sogndal, busett i Bærum. Filmprodusent og leiar for filmavdelinga i Nordisk Film, frå 2008 leiar for Neo Film som er eit dotterselskap til Nordisk Film.

Aaberge har m.a. vore produsent for filmane Livets dans (1997), Cellofan (1998), Fomlesen i kattepine (1999), Pelle politibil (2001), Tur og retur (2004), En folkefiende (2005), Kalde føtter (2006), Kon-Tiki (2012). Kon Tiki vart i 2013 nominert til Oscar i kategorien beste framandspråklege film.

Aaberge vart i 2004 styreleiar for Produsentforeningen. Han har elles hatt ei mengd tillitsverv innan filmbransjen, og er styremedlem i Norsk Filminstitutt frå 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.01.2013