Faktaboks

Sigurd Kvåle
Fødd
7. mars 1902, Sogndal, Vestland
Død
16. juni 1962, Rælingen, Akershus
Sigurd Kvåle.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Sigurd Kvåle var ein norsk forfattar. Han var ein av dei fremste nynorske novellistane i mellomkrigstida, med tekstar som viser sterk medkjensle med dei som fell utanfor i samfunnet.

Bakgrunn

Sigurd Kvåle var fødd på Kvåle i Sogndal i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Rælingen i Akershus. Han gjekk to år på folkehøgskule i Sogndal og studerte ved lærarskulen på Stord, med eksamen i 1924. Han var så lærar fleire stader før han vart tilsett i Rælingen i 1945, der han var styrar ved Holt skule fram til han døydde.

Forfattarskapen

Kvåle debuterte med novellesamlinga Når det blir natt i 1933. Seinare i 1930-åra kom det to novellesamlingar til, samt romanen Siglaren (1937). I 1946 kom den fjerde og siste novellesamlinga, Krefter. Kvåle skreiv òg forteljingar for barn, og eit par enkle folkelivsskildringar, den eine under pseudonymet Sverre Tuun (Sterkesmeden, 1948). Eit utval av novellene kom posthumt i 1967 i samlinga Natta og eg, redigert av Halldis Moren Vesaas. Her har Moren Vesaas teke med fire tekstar som ikkje tidlegare hadde vore gitt ut.

I forfattarskapen vert det uttrykt ei sterk samkjensle med dei sårbare, dei som fell utanfor i samfunnet, og ein tydeleg harme over sosial urett. Eit sentralt tema er spenningar mellom frilyndt ungdom og bedehuskristendom, med kritikk av dei kristne miljøa. I novellene for born lyftar han fram føredøme for dei unge lesarane, med personar som står for verdiar som ansvar, medkjensle og venlegheit.

I samtidsromanen Siglaren (1937) er hovudpersonen i opposisjon mot det trangsynte bygdesamfunnet. Hovudmotsetnaden går mellom småbrukarar og storbønder, med ein uttrykt bodskap om frigjering for småbrukarane. Det vert fortalt om sosialisme og kommunisme, om radikalisme og nasjonal samling, der forfattaren sine sympatiar på den radikale sida er tydelege.

Kvåle skreiv òg høyrespelet Stemning, som vart framført i Radioteatret i 1941.

Bibiografi

  • Når det blir natt (Noveller, 1933)
  • Tider og år (Noveller, 1935)
  • Over fårlege fjell (Forteljingar for born, 1936)
  • Siglaren (Roman, 1937)
  • Sylen (Noveller, 1938)
  • Byttingen Velaug (Roman, 1941)
  • Stemning (Høyrespel, 1941)
  • Håvard på Eggvin (Forteljing, 1941)
  • Krefter (Noveller, 1946)
  • Sterkesmeden. Ei soge om kjærleik og mot og styrke (Folkelivsskildring, 1948, under pseudonymet Sverre Tuun)
  • Pelle Skauen og andre soger (Forteljingar, 1950)
  • Natta og eg (Noveller, 1967)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jarle Bondevik: «Forfattaren og heimemiljøet», i Sogn og Fjordane magasin 4/5 1987
  • Olav A. Loen: «Sigurd Kvåle», i Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970
  • Halldis Moren Vesaas: «Novellisten Sigurd Kvåle», i Sigurd Kvåle: Natta og eg. Noveller i utval ved Halldis Moren Vesaas. Oslo 1967

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg