Faktaboks

Fimreite
Etymologi

oppdyrka myrområde

Fimreite
Fimreite ved innløpet til Sogndalsfjorden. Her stod eit slag mellom kongane Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson i 1184. Magnus fall, og Sverre blei einekonge.
Av /NTB.

Fimreite er ei grend i Sogndal kommune i Vestland fylke. Grenda har namn etter ein gard som låg på sørsida av innløpet til Sogndalsfjorden. Staden er kjend for slaget ved Fimreite, som stod mellom kongane Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson i 1184.

Namn

Siste ledd av namnet Fimreite kjem av reitr, oppspadd jordstykke. Første ledd av namnet kan vera ordet fim, jamfør svensk «myrjord» og dansk «grasdekke på eng», eller vårfim, som kjem tidleg om våren og passar med klimaet og naturforholda på staden.

Slaget ved Fimreite

Straks innanfor Fimreite, nær Hagastranda, stod i 1184 det store sjøslaget mellom kongane Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson, der Magnus blei drepen saman med størstedelen av den attlevande lendmannsadelen i landet.

Kraftleidning

Frå Fimreiteåsen fører eit 4570 meter langt kraftleidningsspenn over Sognefjorden til Ramnaberget. Kraftleidningen inngår i stamlinja mellom Sogn og Sunnmøre. Det 4890 meter lange spennet frå Ramnaberget til Fatlaviki utanfor munningen av Sogndalsfjorden, nordvest for Fimreite, er det nest lengste i verda, etter det 5 376 meter lange spennet over Ameralikfjorden (Qaarusulik) på Grønland.

Kart

Fimreite
Fimreite
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg