Faktaboks

Etymologi
‘bølgefylt innsøkk’
Innbyggjartal
523 (SSB, 2023)
Landareal
0,6 km²
Tettstadsnummer
5733 Olden
Cruiseskip besøker Olden.

Olden

Olden.

Olden

Olden er ein tettstad i Stryn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 523 innbyggjarar (2023).

Olden gamle kyrkje er ei korskyrkje i tre frå 1759. Olden nye kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1934.

Oldedalen og Oldenelva

Frå Olden inst i fjorden strekk Oldedalen seg 20 kilometer sørover inn mellom armane til Jostedalsbreen. Frå eit par kilometer innanfor fjorden er dalbotnen oppfylt av Oldevatnet. Det går bilveg langs vatnet frå Olden til Briksdalen. Frå sørenden av vatnet når dalen inn til Briksdalsbreen og Melkevollsbreen.

Oldendalføret er ein U-dal med 1500–1800 meter høge fjell på kvar side. Auflemfjellet ligg på austsida av Oldebukta og Skarsteinfjellet på vestsida. Dalføret går rett sørover til Oldeskaret som dannar fjellovergang til Stardalen i Jølster. Det er stor skredfare i heile dalen.

Gjennom dalføret renn Oldenelva. Elva har status som nasjonalt laksevassdrag og er dermed verna mot forureining og utbygging.

Næring

Olden har stor tilstrøyming av turistar; dei fleste frå cruiseskip. I Olden får turistane tilbod om turar til Briksdalen, Kjenndalen, Nasjonalparksenteret og å køyre panoramavegen i Nordfjord. Tidlegare gjekk det hesteskyss til Briksdalsbreen, men på grunn av uhell med hestane er han erstatta med skyss i open bil («Trollbilane»).

Klimaet i dalføret er gunstig for jordbruk. Det blir dyrka korn og blir halde geit.

Namn

Namnet kjem av norrønt Aldi. Dette er truleg eit fjordnamn som kan ha samanheng med alda, 'bølgje', det vil seie 'den bølgjefylte'; eller av rota alð-, 'trau' eller 'innsøkk'. Dette peikar i så fall på den rettlina forma til Oldedalen.

Kart

Olden
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg