Faktaboks

Administrasjonssenter
Måløy
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
5 970 (2019)
Landareal
171 km²
Høgaste fjell
Sankta Synneva-hornet (689 moh.)
Innbyggjarnamn
vågsøyværing
Kommunenummer
1439 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Vågsøy

Frå Måløy, som var administrasjonssenteret til kommunen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vågsøy var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen vart i 2020 ein del av Kinn kommune, etter å ha vorte slått saman med Flora, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Sammenslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Den tidlegare kommunen ligg på nordsida av Nordfjord, heilt ute ved kysten. Til kommunen høyrde øyane Vågsøy og Silda i Sildagapet og Husevågøy og Gangsøy som ligg ved munningen av Nordfjord. På fastlandet høyrte austsida av Ulvesundet og nordsida av Nordfjord austover til og med Maurstad med til kommunen.

Kommunen vart til i 1964 ved samanslåing av Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy og nordsida av Nordfjord. Øyane Husevågøy og Gangsøy vart overførte frå Davik til Vågsøy, og Silda vart overført frå Selje.

Natur

Refviksanden
Den flotte og kjente Refviksanden. Litt av bygda Vedvik i bakgrunnen.
Refviksanden
Lisens: CC BY SA 3.0

Landskapet i den tidlegare kommunen er bergfylt. Dei høgaste punkta er Synnevahornet på 689 meter over havet på fastlandet og Veten på 613 meter over havet på Vågsøy. Synnevahornet har namn etter Sankta Sunniva. Berggrunnen i Vågsøy består i hovudsak av gneis som høyrer til Gneisregionen. Fleire stader finst det mindre felt med olivin.

Busetnad

Busetnaden var ved kommunesamanslåinga ganske tett i Vågsøy, særleg ved Ulvesundet. Lengst søraust på Vågsøy ligg byen Måløy, som var administrasjonssenter i kommunen. Raudeberg ligg seks kilometer nord for Måløy på Vågsøy, og var nest største tettstaden i kommunen. Tettstader elles er Bryggja, som ligg på fastlandet og lengst aust i den tidlegare kommunen. Holevik ligg sør for Måløy på Vågsøy. Kommunen hadde stort sett ein svak nedgang i folketalet etter 1960. I tiårsperioden 1996–2006 var det ein nedgang på 5,8 prosent, mot 2,1 prosent for heile Nordfjord.

Næringsliv

Fiskeri er ein viktig næringsveg, og kommunen var den klart viktigaste i Sogn og Fjordane fylke målt etter levert fangst. Viktigaste fiskeslag er makrell og sild. Industrien er i stor grad basert på fiskeri (fisketilverking, produksjon av mellom anna olje og fôrmjøl). I den tidlegare kommunen finst òg fleire store fiskeeksportørar, som Domstein ASA og Coast Seafood. Også verkstadindustrien er i stor grad knytt til sjø og fiskeri.

I åra før kommunesamanslåinga vart det etablert fleire teknologiverksemder. Kommunen skipa Måløy Vekst, eit selskap som arbeidde svært aktivt for å fornye og utvikle industri og næring i kommunen. Næringsmiddel- og verkstadindustrien hadde høvesvis 50 prosent og 25 prosent av kommunens samla sysselsetting i industrien. Det meste av industrien ligg i Måløy, på Raudeberg og i Deknepollen.

Dei siste 30 åra før kommunesamanslåinga gjekk jordbruksdrifta kraftig tilbake i kommunen. Det var stort sett på Bryggja det ved tidspunktet for samanslåinga var eit levande og aktivt jordbruksmiljø. Jordbruket er heilt dominert av husdyrbruk (storfe og sau); berre 1 prosent av jordbruksarealet er åker og hage, og det vert ikkje dyrka korn. Dei aller fleste som driv jordbruk i den tidlegare kommunen, kombinerer det med anna arbeid som fiskeri, verkstadindustri, bygningsarbeid og transport.

I Måløy kjem avisa Fjordenes Tidende ut tre gonger i veka.

Samferdsel

Hovudvegsambandet austetter er riksveg 15 Måløy–Stryn–Otta, som kryssar Ulvesundet med bru. Måløybrua er 1224 meter lang og stod ferdig i 1973. Frå Maurstad går fylkesveg 61 nordover til Ålesund, frå Almenningsfjellet går fylkesveg 618 nordover til Selje. Vegnettet på sjølve Vågsøy er relativt tett. Her går fylkesveg 617 mellom Måløy og Raudeberg. Denne vegen har vore rasutsett, men i oktober 2008 vart den 689 meter lange Skåratunnelen opna. Husevågøy har ferjesamband med Måløy. Dei andre øyane er veglause.

Måløy er fast stoppestad for Hurtigruta, og elles er det lokalbåtsamband med småøyane. Ved kommunesamanslåinga gjekk det ekspressbåt mellom Måløy og Bergen to gonger dagleg, reisetid 4,5 time. Ekspressbåten har fleire stopp undervegs, Leirgulen (Bremanger), Smørhamn (Bremanger) og Florø. Bilferjesamband fleire gonger dagleg mellom Måløy og Oldeide (Bremangerlandet; riksveg 616). Fleire godsruter med båt langs kysten stoppar i Måløy.

Ved kommunesamanslåinga gjekk det ekspressbuss langs riksveg 15 og E6 mellom Måløy og Oslo tre gonger i døgnet. Næraste flyplassar er Sandane lufthamn, Florø lufthamn og Ålesund lufthavnVigra.

Offentlege institusjonar

I den tidlegare kommunen ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyr, Ulvesund fyr og Hendanes fyr. Dei fire fyra er automatiserte, og Kråkenes, Skongenes og Ulvesund er i delar av året opne med kafédrift og tilbod om overnatting.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vågsøy høyrte til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Eid,Gloppen, Hornindal, Selje og Stryn.

Vågsøy kommune svarar til soknet Vågsøy i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrka.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Vågsøy til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vågsøy

For statistiske føremål var Vågsøy kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 28 grunnkrinsar:

  • Nord-Vågsøy: Silda, Vedvik, Halsør, Røysa, Raudeberg, Kapellneset, Refvik, Kvalheim
  • Fastlandet: Ulvesund, Degnepoll, Kulen, Blålid, Skavøypoll, Sørpoll, Almenning, Totland, Bryggja, Maurstad
  • Sør-Vågsøy: Våge/Oppedal, Holvik, Sæternes, Ellingskaret, Skram øvre, Skram nedre, Midtgård søndre, Midtgård nordre, Gotteberg, Øyane i sør

Historikk og kultur

Ved Oppedal ligg den særmerkte Kannesteinen, som bølgjene har skura på og gitt ei form som minner om ein sopp. Heilt vest på Vågsøy ligg Kråkenes fyr, der det no er vertshus. Martin Linge, som under den andre verdskrigen leidde Linge-kompaniet, miste livet under Måløy-raidet i 1941, og det er reist eit monument til minne om dette. Refviksanden, nord på Vågsøy, er ei av dei finaste sandstrendene i landet.

Fjordenes Tidende er lokalavis for Bremanger, Eid, Selje og Vågsøy og kom med det første nummeret i 1909. Avisa har hovudkontor i Måløy, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på bokmål.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) hadde to skråstilte, sølvfarga ror mot ein blå bakgrunn. Dei symboliserte styring og at sjøen var viktig for kommunen.

Namnet

Kommunen har namn etter øya Vågsøy. Fyrsteleddet er våg som tyder «bukt» eller «vik».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Os, Edvard, red.: Selje og Vågsøy: Bygdene og bygdesamfunnet, 1957.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg