Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Hoprekstad

Olav Hoprekstad (1875-1965) frå Vik, busett i Bergen. Lærar, forfattar og lokalhistorikar. Utdanna ved Hamar lærarskule 1895, lærar i Bergen frå 1899. Rektor ved Møhlenpris skole frå 1927, frå 1939 overlærar ved Fridalen skole.

Han skreiv i alt 18 skodespel der nasjonalreising og kamp mot danske embetsmenn ofte var tema. Vart i 1900 første leiar i det frilynde ungdomslaget «Ervingen» i Bergen - eit verv han hadde i mange år.

Formann i Bergen lærarlag og styremedlem i Noregs lærarlag 1917-1926.

Som lokalhistorikar har Hoprekstad skrive artiklane om Sogn i bokverket «Norske bygder». Gav ut geografiboka «Noreg» i 1946, og har skrive bøker om lærarstrid i Noreg, historia om laget «Ervingen», jubileumsbok for Vestlandske lærarstemna, soga og Bergen folkeskule, og om jernbaneplanane på Vestlandet. Han var redaktør for bygdebøkene for Vik.

Fekk ei rad påskjøningar frå lag og organisasjonar, tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og utnemnd til riddar av 1. kl. av St. Olavs Orden i 1963.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.06.2011