Hopp til innhold
X
Innhald

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF vart skipa i 1981, først under namnet Bildande kunstnarar i Sogn og Fjordane. Dei oppretta sitt første kunstnarsenter i ein eldre villa i Sogndal, Galleri Rones (sjå artikkelen Galleri Rones og biletkunstnarane). På midten av 1980-talet vart kunstnarsenteret flytta til Førde, der det nokre år heldt til i Røde Kors-bygget. I 1996 flytta det inn i Førdehuset. I 2013 har BKSF 49 medlemmer og er den minste av 20 grunnorganisasjonar i Norske billedkunstnere (NBK).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.01.2013