Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Hornindal Spelemannslag i 1957. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Hornindal Spelemannslag i 1957. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag vart skipa på eit møte i Askvoll i 1981.

Meir eller mindre organiserte kappleikar mellom dugande spelemenn gjekk føre seg på Lærdalsmarknaden heilt frå 1700-talet. Dit kom det spelemenn både frå aust og vest for å ”kappspele” og utveksle slåttar. Den første organiserte kappleiken med premiering som ein kjenner til i Noreg, skal ha gått føre seg i Bø i Telemark i 1888. Heilt sidan 1896 har Vestlandskappleiken vorte skipa til for spelemenn frå vestlandsfylka. Den første som vann Vestlandskappleiken var meisterspelemannen Sjur Helgeland frå Voss.

Landslaget for Spelemenn

vart skipa i 1923. Laget gjev ut ”Spelemannsbladet”. Fylkeskappleiken i spel og dans har vorte skipa til for Sogn og Fjordane sidan 1981. Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane har vorte delt ut sidan 1986. Den første som fekk prisen, var Paul Berstad frå Selje. Utanom lokale folkemusikkgrupper i bygder og kommunar, eksisterte det frå 1949 til 1953 eit Nordfjord Spelemannslag. Dette var skipa av meisterspelemannen Kornelius Eikenes frå Hestenesøyra og var samansett av folkemusikarar frå midtre og indre Nordfjord.

Indre Sunnfjord Spelemannslag då laget arrangerte Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Førde.

Indre Sunnfjord Spelemannslag då laget arrangerte Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Førde.

20 lokallag

er i dag medlemer i Sogn og Fjordane Folkemusikklag: Vindfylla Spelemannslag (Eid), Eid Spelemannslag, Nordbygda Spel og dansarlag (Eid), Hornindal Spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom (Stryn), Austrheim Musikklag (Gloppen), Breim Spelmannslag, Gloppen Hardingfelelag, Hyen Spelmannslag, Leikarringen i Gloppen, Fjellklang Spelemannslag (Jølster), Indre Sunnfjord Spelmannslag (Jølster og Førde), Gaular Spelmannslag, Naustedalen Spelemannslag, Flora Spelemannslag, Dalsfjorden Spelemannslag, Leikanger Folkemusikkverkstad, Sogn Spel og dansarlag, Jostedal Spel og dansarlag, Aurland Spelemannslag.

Musikkarkivet

På slutten av 1970-talet starta folkemusikarar i fylket drøftingane om få skipa eit folkemusikkarkiv for Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet for musikk vart skipa i 1983 då det vart tilsett eigen musikkarkivar. Musikkarkivet fekk hovudbase ved Sunnfjord Folkemuséum i Førde, og med avdelingar ved folkemuséa på Kaupangerskogen og på Sandane. I 1997 vart heile musikkarkivet flytta til Leikanger.

Naustedalen Spelemannslag. Foto: Einar Eimhjellen.

Naustedalen Spelemannslag. Foto: Einar Eimhjellen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2011