Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Songarsamband

Fana til Sunnfjord Songarsamband.

Fana til Sunnfjord Songarsamband.

Sunnfjord Songarsamband vart skipa i 1923 og har kora i Sunnfjord som medlemer. I tillegg til å skipe til årlege songarstemne, stod songarsambandet for skiping av storkoret «Sunnfjordkoret» i 1988. Koret talde oppmot 120 medlemmer, vart leia av profesjonelle, innleigde kordirigentar, og heldt i åra fram til 1991 fleire konsertar kringom i Sunnfjord.

Ved 75-årsjubiléet i 1998 hadde Sunnfjord Songarsamband desse medlemskora:

  • Viksdalskoret (Gaular) skipa 1922.
  • Kvammen Songlag (Askvoll) skipa 1927.
  • Stardalen mannskor skipa 1936.
  • Jølstrakoret (Vassenden, Jølster) skipa 1964.
  • Vestklang (Florø, Flora) skipa 1975.
  • Bremanger Songlag skipa 1977.
  • Sande Blandakor skipa 1977.
  • Atløykoret (Askvoll) skipa 1978.
  • Fure og Våge Sognlag (Fjaler) skipa 1979.
  • Førde Kammerkor skipa 1983.
  • Skeivass-koret (Jølster) skipa 1987.
  • Digitalis (Askvoll) skipa 1988.
  • Bremanger Kammerkor skipa 1989.
  • Naustdal Felleskor skipa 1989.
  • Jomentum (Florø) skipa 1990.
  • Coda (Jølster) skipa 1992.
  • Cora (Førde) skipa 1993.
  • Brandsøykoret (Flora) skipa 1994.
  • Førde Kammerkor. Foto: Arne Håberg.

    Førde Kammerkor. Foto: Arne Håberg.

    Tidlegare medlemmer i Sunnfjord Songarsamband:

    • Ullaland Songlag (Naustdal) skipa truleg 1881.
    • Naustdal Songlag skipa 1893.
    • Stongfjorden Songlag skipa 1921.
    • Svelgen Songlag (Bremanger) skipa 1927.
    • Vevring Songlag skipa 1936.
    • Florø Songlag skipa 1939.
    • Jølster Songlag skipa 1957.
    • Mannskoret Samklang (Førde) skipa 1958.
    • Fjordakoret (Gaular) skipa 1975.
    • Steinhovden Songlag (Flora) skipa 1976
    • Eikefjord Songlag skipa 1977.
    • Nesalendingen (Straumsnes, Fjaler) skipa 1980
    • Holmedal Songlag skipa 1882.
    • Værlandet Vokalensemble (Askvoll) skipa 1988.
    • Bru kantori (Flora) skipa 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2011