Hopp til innhold
X
Innhald

Symfoniorkester i Sogn og Fjordane

Frå ei øving i Fylkeshuset på Hermansverk. Foto: Anders Anderssen.

Frå ei øving i Fylkeshuset på Hermansverk. Foto: Anders Anderssen.

Fleire stader i Sogn og Fjordane vart det tidleg på 1900-talet skipa kammermusikkgrupper og små orkester som spela klassisk musikk.

Slike orkester fann ein m.a. i Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Breim: Moldøens Orchesterforening skipa ca. 1910–1920. Oppstryn Strykeorkester vart skipa i 1919 og hadde opptil 10 orkestermedlemmer, dei fleste på flatfele. Eids Orkesterforening vart skipa i 1927, Austrheim Musikklag skipa 1917 og Breimsmusikken skipa 1897. Repertoaret til desse musikklaga var lettare klassisk musikk og dansemusikk. Av gamle bilete kan ein sjå at instrumentsamansetjinga på desse første kammerensembla varierte, truleg fordi medlemmene tok med seg inn i orkesteret det instrumentet dei spela sjølve. Men strykeinstrumenta var sjølvsagt sentrale.

Det var dei lokale «bygdeorkestra» som la grunnlaget for skiping av dei store regionale symfoniorkestra og Sogn og Fjordane Symfoniorkester på 1970-talet (sjå nedanfor)

Symfoniorkesteret i Sogn

Symfoniorkesteret i Sogn vart skipa i 1973. Bak dette stod Anders Andersen, Jon Røislien, Reidulf Drageset, Johnny Jørgensen og Holm Andersen. Orkesteret vart etter kvart bygd opp til ein kjerne på kring 30 musikarar, men kunne ved spesielle konsertar «låne» inn musikarar,slik at ein var oppe i 60 instrument.

Symfoniorkesteret i Sogn har ved fleire høve samarbeidd med Musikkselskapet Harmoniens Orkester i Bergen. Symfoniorkesteret i Sogn var i drift i nærmare 20 år.

Sogn Symfoniorkester.

Sogn Symfoniorkester.

Sunnfjord Orkesterforening

Sunnfjord Orkesterforening vart skipa i 1975 av Albert Øen, Per Eggen og Kristian Solvang frå Førde. Orkesteret har på det meste mønstra 20–25 musikarar som i hovudsak har kome frå Førde og grannekommunane i indre Sunnfjord, men også frå Dale og Florø.

Orkesterforeninga kjøpte på byrjinga av 1980-talet inn strykeinstrument og starta undervisning for born. Instrumenta vart gjevne til den kommunale musikkskulen i Førde då denne vart starta. Sunnfjord Orkesterforening var med på skipinga av Sogn og Fjordane Symfoniorkester (sjå nedanfor) i 1977.

Sogn og Fjordane Symfoniorkester

Ei drivande kraft innan orkestermusikk i fylket frå 1970-talet og utover har vore Anders Andersen frå Leikanger. Etter først å ha stått sentralt ved skipinga av Symfoniorkesteret i Sogn i 1973, fekk han skipa Sogn og Fjordane Symfoniorkester i 1976. Orkesteret hadde debutkonsert på Sandane den 5. mars 1977 med Rolf Bækkelund frå Gjøvik som dirigent. Sogn og Fjordane Symfoniorkester talde på det meste bortimot 60 medlemmer frå heile fylket. Aktiviteten døydde ut i 1980 fordi det kravde mykje arbeid å organisere øvingar og konsertar i eit spreiddbygd fylke med lange reiser. I 2003 vart orkesteret starta på nytt av Arvid Anthun og Johan Bengtsson som begge kom frå kulturskulen i Førde. Sogn og Fjordane Symfoniorkester er no samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar.

Sogn Ungdomsorkester

Sogn Ungdomsorkester heldt debutkorsert i Sogndal den 18. januar 1992. Orkesteret talde 45 unge musikarar, og var rekruttert frå born og unge frå kommunale musikkskular kringom i Sogne-bygdene. Tanken var å utvide orkesteret til å verte eit ungdomsorkester for heile Sogn og Fjordane. Men etter sju–åtte års drift svikta rekrutteringa til strykeinstrument, og orkesteret vart lagt ned.

Vestlandsk Sommarsymfoni

Sidan 1979 har NASOL – Norske Symfoniorkesteres Landsforbund – skipa til Vestlandsk Sommarsymfoni på Nordfjordeid. NASOL tel kring 55 orkester i heile landet.

Kvart år samlar kurset på Nordfjordeid kring 100 deltakarar frå heile landet. Desse øver inn eitt eller fleire stykke under seminardagane, som vert avslutta med konsert. Denne har for det meste vorte halden i kulturhuset i Stryn.

Bergen Filharmoniske Orkester

Sidan 2002 har Sogn og Fjordane fylkeskommune innleia samarbeid med Bergens Filharmoniske Orkester (tidlegare Musikkselskapet Harmoniens Orkester) som kvart år sidan har halde konsertar i kulturhusa i fylket.

Bergen Filharmoniske Orkester. Foto: Ragnhild Osnes Olsen, NRK.

Bergen Filharmoniske Orkester. Foto: Ragnhild Osnes Olsen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015