Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Høyanger

Ytre Sogn Avis er den førebels siste i rekkja av aviser som har kome ut i Høyanger.

Ytre Sogn Avis er den førebels siste i rekkja av aviser som har kome ut i Høyanger.

Sogn og Fjordane Socialdemokrat

kom ut i Vadheim 1921-1922. Den var eit framhald av avisa Sogns Social-demokrat . Avisa gjekk inn etter to år i Vadheim, og «Fritt Folk» vert rekna som framhaldet.

Fritt Folk

kom ut i Høyanger frå 1924 til 1928 som organ for Norges Kommunistiske Parti. – Les meir om avisa under Sogns Social-demokrat , Lærdal kommune.

”Høyanger Avis” den 22. mars 1939 fortel om at tyske styrkar har rykt inn i Tsjekkoslovakia, mellom anna med eit bilete av Adolf Hitler på ein balkong i Praha.

”Høyanger Avis” den 22. mars 1939 fortel om at tyske styrkar har rykt inn i Tsjekkoslovakia, mellom anna med eit bilete av Adolf Hitler på ein balkong i Praha.

Høyanger Avis

vart skipa av Johan Arntzen som upolitisk avis i 1928, like etter at Fritt Folk hadde gått inn. Postmeister Arntzen dreiv også Høyanger Bokhandel, som var formell utgjevar av avisa. Avisa kom ut to gonger i veka, og gjekk inn i april 1940.

Sogn Folkeblad

Sogn Folkeblad vart starta i 1938 av Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Fram til 1940 kom avisa ut på Leikanger, men vart stoppa ved krigsutbrotet. Frå 1945 kom avisa ut i Høyanger.

Sogn Dagblad

- sjå Sogn Folkeblad.

Sverre Erdal var redaktør i Radio Smia starten.

Sverre Erdal var redaktør i Radio Smia starten.

Radio Smia

vart starta som nærradio for Høyanger i 1991 etter initiativ frå Høyanger kommune og med støtte frå verket. Kultursjef Sverre Erdal (1940-2002) var ansvarleg redaktør den første tida. Elles var Tormod Rokstad redaktør for nærradioen i bortimot tre år. Radio Smia vart nedlagd i 2000.

Avisa Firda

skipa avdelingskontor i Høyanger i 1997 då Sogn Dagblad vart lagt ned.

Ytre Sogn Avis

vart skipa 1998, og har sidan kome ut to gonger i veka. Bak avisa står Høyanger Næringsutvikling og Sogn Avis, kvar med 40 prosent, og Hydro Aluminium Vekst med 20 prosent. Redaktør sidan starten har vore Rune Sviggum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018