Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Naustdal

Mons Litleré.

Mons Litleré.

Firda og Sygnafylkets Avis

Mons Litleré flytta til Bergen og gav m.a. ut «Firda og Sygnafylkets Avis», som vart forkorta til «Firda» (ikkje den same Firda som no kjem ut i Førde). Avisa gjekk inn i 1893.

«Bygdebladet»

vart starta av Arne Eliasson Sølvberg m.fl. som bygdeblad for Naustdal kring 1930. Sølvberg dreiv Naustdal Prenteverk, og var redaktør for «Bygdebladet», som gjekk inn då krigen braut ut i 1940.

Bladet Folkeskulen

vart gjeve ut i Naustdal frå 1919 til kring 1926.

Sogn og Fjordane Magasin nr. 3, 1986.

Sogn og Fjordane Magasin nr. 3, 1986.

Sogn og Fjordane Magasin

vart grunnlagt av Åsmund Berthelsen m.fl. i 1980. Magasinet vart gjeve ut fram til 1989, og trykte m.a. novellar og dikt av forfattarar i Sogn og Fjordane, og hadde også artiklar med lokalhistorisk innhald. Bertelsen dreiv også Sogn og Fjordane Forlag i same periode. Endra namn til Vestlandsforlaget, drive fram til 2001.

Radio Naustloftet

vart skipa som nærradio for Naustdal kommune i 1988 med Ola Kringlen som redaktør dei fire første åra. Etter at Førde nærradio (sjå Aviser og media i Førde) gjekk konkurs i 1995, overtok Radio Naustloftet nærradiokonsesjonen for sendingar i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018