Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Sogndal

Avisa Sogndal er mellom avisene som har kome ut i Sogndal. Men avisa fekk kort levetid.

Avisa Sogndal er mellom avisene som har kome ut i Sogndal. Men avisa fekk kort levetid.

Fjærlands Tidende

var eit skrift eller «avis» som vart gjeve ut 1884-1885. Bladet vart trykt i Sogndal. Nærare opplysningar vantar.

Bergenhus Folketidende

vart starta i Sogndal i 1892. Det er lite som er kjent om dette bladet, som truleg kom ut fram til 1896.

Ild-Tungen

var eit blad som metodistpresten Sjur Ulness starta i Sogndal, der han i 1893 bygde den første «metodistkyrkja» i Sogn og Fjordane - «Sion». Seinare bytte bladet namn til «Sandhet og Frihet» - sjå: Aviser og media i Vik.

Jens Kvåle. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Jens Kvåle. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Vestmannen

var eit nynorsk, frilynt ungdomsblad som vart starta i Sogndal i 1896 av Jens Kvåle. Eit tilsvarande blad - «Unge Skud» - hadde Lorentz Nybø starta på Nordfjordeid i 1893. Seinare endra Kvaale namnet på bladet til «Ungdom», og i 1899 til «Sygna». Frå same året vart bladet også eit partiorgan for Venstre. Avisa gjekk inn då Jens Kvaale i 1904 kjøpte forlagsretten til Sogns Tidend.

Ungdom

– sjå Vestmannen ovanfor.

Sygna

– sjå Vestmannen ovanfor.

Sogns Tidend

vart starta på Lærdalsøyri i 1877 og flytta til Sogndal i 1903.

Sogns Avis

Sogns Avis L/L vart starta i Vik på 1920-talet og flytta til Sogndal i 1948.

Solsprett

heitte eit nynorsk blad som vart gjeve ut i Sogndal frå 1939 til 1949 av Kornelius Sølvberg og Ivar Rusti. Den siste dreiv også bokbinderi.

Eit eksemplar av Søkelys av Sogn og Fjordane frå 1985.

Eit eksemplar av Søkelys av Sogn og Fjordane frå 1985.

Sygnabladet

var starta i 1967 som lokalavis for Sogndal, og kom berre ut eit halvt års tid.

Bergens Tidende

starta avdelingskontor i Sogndal i 1971 med Jan Stedje som journalist. Kontoret vart lagt ned i 2003.

«Søkelys på Sogn og Fjordane»

var eit tidsskrift som Sogn og Fjordane Distriktshøgskule gav ut frå 1981 til 1990. Bladet hadde som mål å spreie kunnskap om regional forsking, med særskild vekt på emne som var knytt til Sogn og Fjordane. Redaktørar for tidsskriftet var Jon Naustdalslid, Georg Arnestad og Aage Engesæter, som alle var knytte til høgskulen som forskarar og lærarar.

Radio Gravenstein - første nærradio i fylket

Radio Gravenstein vart starta i 1983 i Sogndal som den første nærradiostasjonen i Sogn og Fjordane. Radio Gravenstein vart frå starten driven av studentar ved distriktshøgskulen i Sogndal, og heldt første tida til i Lægreids Hotell.

Sogn Dagblad

Sogn Dagblad

i Høyanger (sjå: Aviser og media i Høyanger) hadde avdelingskontor i Sogndal frå 1982 og til avisa gjekk inn i 1997. Mellom dei som var medarbeidarar ved kontoret var Alf Henning Evjestad og Torbjørn Rørvik.

Redaktør Torbjørn Rørvik les Avisa Sogndal. Foto: NRK.

Redaktør Torbjørn Rørvik les Avisa Sogndal. Foto: NRK.

Avisa Sogndal

vart starta og driven av A-pressen etter at Sogn Dagblad (sjå: Aviser og media i Høyanger) gjekk inn i 1997. Redaktør var Torbjørn Rørvik. Avisa var lokalavis for Sogndal, men vart lagt ned i 1999. (Sjå også «Årdal og Lærdal Avis»: Aviser og media i Årdal.)

NRK Sogn og Fjordane

hadde Geir Ulfstein frå Kaupanger som kontaktmedarbeidar i Sogndal frå 1977 til 1982, med arbeidsfelt i Indre Sogn.

NRK sitt lokalkontor for Sogn vart skipa i Hermansverk i 1981 med sogndølen Inge Kjell Holme som reporter. Lokalkontoret vart flytta til Sogndal i 2000. Kontoret har utstyr både for fjernsynsreportasje og radiosendingar. Medarbeidarar ved Sogndals-kontoret har vore Inge Kjell Holme, Kai Aage Pedersen, Arne Eithun, Arve Uglum, Hege Holm, Ole Ramshus Sælthun og Geir Bjarte Hjetland.

NRK-kontoret på Fosshaugane Campus. Foto: NRK.

NRK-kontoret på Fosshaugane Campus. Foto: NRK.

PVest Sogn og Fjordane Radio AS

vart skipa i 2003 av Tor Kåre Fardal og Idar Kvam. Tor Kåre Fardal vart dagleg leiar. Lokalradioen har hovudkontor i Sogndal og har konsesjon for sendingar i indre Sogn. Frå 2005 eigde Sogn Avis halvparten av aksjane i selskapet. I 2009 vart PVest lagd ned på grunn av dårleg økonomi.

Sogn Avis vurderte å flytte redaksjonen frå Leikanger til Sogndal. Det vart det ikkje noko av, men avisa har eit stort avdelingskontor i Fjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Avis vurderte å flytte redaksjonen frå Leikanger til Sogndal. Det vart det ikkje noko av, men avisa har eit stort avdelingskontor i Fjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018