Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Vik

Framsida på ”Sogningen” 14. juli 1897.

Framsida på ”Sogningen” 14. juli 1897.

Avisa Sogningen

vart starta i Vik i 1897 etter opptak frå Ole S. Kvamme. I 1925 vart bladet flytta til Balestrand, og i 1951 flytta tilbake til Vik. I 1957 vart avisa kjøpt av trykkerieigar Ingvald Husabø og flytta til Leikanger.

«Ild-Tungen» og «Sandhet og frihet»

Blada «Ild-Tungen» og seinare «Sandhet og frihet» vart gjeve ut i Vik kring 1900 av metodistprest Sjur Ulness, som bygde frikyrkjene «Sion» i Sogndal i 1892 og «Ebenezer» i Vik i 1893.

«Kunstnaren» og «Nordlys»

Blada «Kunstnaren» og seinare «Nordlys» vart gjevne ut i Vik tidleg på 1900-talet av Karl Olsen Seljestø, som kom frå Nummedal. Han hadde eit lite trykkeri på loftet i bustadhuset. Han flytta seinare til Farsund, der han kjøpte seg gard.

Avisa «Sognefjord»

kom ut i Vik mellom 1912 og 1919 med Dankert Skagen (sjå også Avisa Sogningen) som utgjevar og redaktør.

Framsida på Solsprett den 8. november 1911.

Framsida på Solsprett den 8. november 1911.

Hans H. Vangsnes som gav ut Solsprett.

Hans H. Vangsnes som gav ut Solsprett.

Solsprett

var ei avis som vart gjeven ut på Vangsnes frå 1911 til 1922 av Hans H. Vangsnes (1871-1955). Han hadde eige trykkeri og var redaktør for bladet, som var eit organ som retta seg mot ungdomslaga og fråhaldsrørsla. Eigaren tapte mykje pengar på prosjektet.

Sogns Avis L/L

vart starta i Vik på 1920-talet som eit organ for Norges Bondelag, og hadde 400 aksjeeigarar over heile Sogn.

Pridlao

Om tidsskriftet «Pridlao» – sjå Lokalhistorisk arkiv under «Kommunehistoria i Vik».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018