Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Aurland

Aurlandskoen er kjend over heile landet og har vore laga i Aurland sidan 1880. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandskoen er kjend over heile landet og har vore laga i Aurland sidan 1880. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Rik tilgang til vilt og pelsverk frå veiding i fjellet gjorde at aurlendingane alt i mellomalderen fekk vitjing av handelsmenn frå dei britiske øyane og kontinentet. Lakse- og aurefiske i Aurlandselvi, Flåmselvi og Nærøydalselvi lokka til seg dei første sportsfiskarane frå utlandet, og både på Vangen og i Gudvangen vart det bygt fleire gjesteheimar og hotell. Den landskjende Aurlandskoen har gjeve arbeid til fleire mindre fabrikkar og verkstader, og det same gjorde den spesielle Aurlandspølsa i eldre tider.

I nyare tid har Flåm med den spektakulære Flåmsbana vorte ein av dei fremste turistattraksjonane i landet, og med Nærøyfjorden på UNESCO si verdsarvliste sidan 2006 vert det satsa stort på auka turisme i heile kommunen.

I Nærøydalen knyter det seg stor spenning til utnytting av dei store mengdene av mineralet anorthositt som m.a. kan nyttast til aluminium.

Sjå også: *Reiselivsbedrifter i Aurland *Landhandlar i Aurland

Saltkoking på Breisnes

I 1698 vart det rigga opp ein saltkjele på Breisnes ved Aurlandsfjorden.

Teglsteinsverk i Flåm

På Fretheim i Flåm vart det drive brenning av teglstein i eldre tider, truleg på 1700- og tidleg på 1800-talet. I 1846 opplyser stiftamtmann W.F.K. Christie at han på ei vitjing hadde sett ei falleferdig hytte der det låg ubrende takstein ikring. Teglverket skal ha lege på Øvre Fretheim.

Første branntrygdelaget i fylket i Aurland?

I Aurland kan ein sjå ein freistnad på organisering av brannassuranse alt i 1844.

Aurland Sparebank. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Sparebank. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Sparebank

vart skipa i 1848 som ein av dei første i fylket.

Rosendahl og Brun-epoken på Vangen

Bergensaren Knut M. Rosendahl starta i 1849 handel i «Juell-huset» på Vangen.

Slakteri og spekepølser i Aurland

Spekepølser frå Aurland og Undredal var i mange år eit viktig salsprodukt ved sida av den landskjende Aurlandsskoen.

SIld. (Foto: NRK)

SIld. (Foto: NRK)

Sildefiske i Flåm

Fangst av fjordsild gav både mat og inntekter i gamle dagar. Ved Fretheims-garden i Flåm vert det hevda at det har vore ein lokal sildestamme.

Tobakksdyrkaren i Undredal

Tobakksdyrking vart det drive både i Aurland og Undredal frå 1882. Pionéren var Øistein Underdal, som tok idèen med heim frå Amerika.

Gudvangen Fjordtell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gudvangen Fjordtell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Turiststaden Gudvangen

Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden spela spela den same rollen kring 1900 som Flåm har gjort seinare som det største turistsenteret i Aurland.

Gjestgiveri, hotell og handel i Gudvangen

Gudvangen vart eit naturleg kvilepunkt for både postførarar og reisande, og her vart det første gjestgiveriet opna i 1805 av Jens Knutsen Kappadal.

Den landskjende Aurlands-skoen

Lokal skotype som har vorte framstilt i Aurland i generasjonar. Dei første skoa for sal vart produserte rundt 1880 av Vebjørn Sjursen Vangen og Andreas Vangen.

T. Torstensen bakeri i 1916.

T. Torstensen bakeri i 1916.

T. Torstensen Bakeri

vart stara kring 1885 på Vangen av Tønnes Torstensen Skrettingsland. Bakeriet vart drive til kring 1930, då det vart «avløyst» som lokalbakeri for dei som handla på Vangen av eit bakeri i Vangen Hotell, der det også var vanleg brødutsal.

Lars Nilsen Jordal

(1859–1939) var ein kjend kunstsmed som heldt til på Vangen. Han fekk m.a. diplom for arbeida sine på ei utstilling i Paris.

Prøveuttak av labradoritt i Bessefjellet

Bessefjellet ligg ved Aurlandsfjorden, rett over fjorden frå Undredal. Her sikra Kristiana Spigerverk med ingeniør Haakon Christensen seg retten til uttak av den kvite steinen labradoritt i 1917.

Anorthositten i Nærøydalen

Anortosittforekomstane i Nærøydalen har heilt sidan 1960-talet vore planlagt utnytta i stor skala, m.a. som grunnlag for aluminiumsoksyd.

Gudvangen Stein

driv bergverksdrift på anorthositt i Nærøydalen. Sjå Anorthositten i Nærøydalen.

Saft og pølser i Undredal

Lars Nedberge starta saftfabrikk i Undredal i 1919. Dei første åra gjekk det godt, men konkurransen var hard, og Lars Nedberge la ned etter fem-seks år. I 1926 selde han fabrikken til Endre Ø. Underdal som starta slakteri, røykeri og pølsefabrikk i lokala. I sesongen gav fabrikken arbeid til 10-12 personar. Bygningen vart riven i 1987. Den vart seinare overteken av Bygningen vart riven i 1980.

L/L Vangens Rutebilar

vart skipa i Aurland i 1928 med Vangen soknekommune som største aksjeeigar.

Aurland Kommunale Rutebilar

- sjå L/L Vangens Rutebilar.

Budeiene på Langhuso der det er laga mykje geitost. Dette biletet vart teke i 1918. © Fylkesarkivet.

Budeiene på Langhuso der det er laga mykje geitost. Dette biletet vart teke i 1918. © Fylkesarkivet.

Undredalsosten

Gardane i Undredal har satsa mykje på moderne geitedrift og er landskjende for den kvite geitosten.

Hermund Larsen

(1876–1956) frå Vik dreiv eit bakeri på Aurlandsvangen i mellomkrigstida. Han var også skysskar med hest og båt.

Erik E. Vangen

starta skofabrikk for Aurlands-sko (med snøring) på Øvre Fretheim i Flåm på 1930-talet og hadde opp til sju tilsette. Frå 1939 til midt på 1950-talet dreiv han skofabrikken i Svingen. Ei tid dreiv han også Svingen pensjonat.

Slaktehuset i Flåm

I 1936 bygde Norges Kjøtt- og Fleskesentral eit slaktehus i Flåm.

Flåm Bakeri

vart starta av Asbjørn Bjørgo og Johan Arnt Johansen i 1946. Bjørgo vart eineeigar i 1952 og dreiv til 1955.

Brødrene Sønnerheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brødrene Sønnerheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Brødrene Sønnerheim

snikkarverkstad vart grunnlagt 1950 og Knut og Kåre S. Produksjon av trapper, vindauge og kjøkkeninnreiingar. Firmaet har seinare vorte utvida som byggevare- og jernvareforretning.

Olav A. Løland

starta trelastlager og utsal i Flåm i 1951 i eit hus som tidlegare hadde vorte nytta som slakteri av Ola Holm. Løland dreiv trelasthandel til 1968 då han selde til Hemsedal Andelssag & Høvleri.

Sviggum & Sønner

skoverkstad for produksjon av aurlandssko vart starta i Flåm tidleg på 1950-talet av Ludolf Sviggum og sønene Trygve og Alfred. Dei dreiv til 1965. Trygve Sviggum dreiv også ei tid binding av laksefluger under namnet Sviggum – Tørrfluer.

Sviggum – Tørrfluer

– sjå Sviggum & Sønner.

Aurland Kjøle og fruktlager.

Aurland Kjøle og fruktlager.

Aurland Kjøle og fruktlager

vart bygt i 1954, og vart eitt i ei heil kjede av fruktlager som vart bygde både i Sogn og Nordfjord utover på 1950-talet. Utanom Aurland vart det i Sogn bygt lokale fruktlager i Fresvik, Lærdal, Balestrand, Luster, Vangsnes og Leikanger. Fruktlagera var pakkesentralar hadde kjølealegg. Fleire av dei lokale fruktlagera vart etter ei tid overtekne av Gartnerhallen.

Aurland Elektriske

vart starta i 1956. Selskapet har både elektrobutikk og installasjonsverksemd. Butikken har sidan 2006 vore ein del av Expert-kjeda, men gjekk ut av kjeda i 2012. Aurland Elektriske har til saman 10 tilsette i 2012.

Undredal Stølsysteri

- sjå Undredalsosten.

Arctic Design AS

i Gudvangen vart starta i 1983 av Odd Aadnekvam.

Sarepta Bakeri

i Aurland vart starta i 1988 av Asbjørn Inge Hovland. I 1991 kjøpte Ingolf Meisterplass bakeriet. Sarepta Bakeri leverer bakevarer til Sogndal, Årdal, Lærdal og Aurland og har m.a. spesialisert seg på si eiga eplekake, Sognefjorden eplekake. Sarepta Bakeri har ni tilsette i 2012.

Gardsturisme på Styvi

I 1991 sette Kjellaug og Botolv Hov med gardsturisme og har og opna eit gardsmuseum.

Ein av betongbilane til AEB Betong. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av betongbilane til AEB Betong. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

AEB Aurland Energibygg

vart skipa i 1995. Selskapet har betongblanderi i Aurland og Lærdal og produserer prefabrikerte bygningselement. Verksemda har seks fast tilsette.

Aurland Energiverk AS

- sjå Aurland kommunale Kraftlag.

Aurland Bil og Maskin AS

bilverkstad i Aurland vart starta i 1996 av Jon Arne Solhaug m.fl. Aurland Bil og Maskin AS eig og Aurland Bensinstasjon, som vart starta i 2003.

Aurland Bensinstasjon

– sjå Aurland Bil og Maskin AS.

Flåm Utvikling AS driv turisthamna i Flåm og Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Utvikling AS driv turisthamna i Flåm og Flåmsbana. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Utvikling AS

vart skipa i 1997 av Aurland kommune, Aurland Sparebank og SIVA for å leige og drive Flåmsbana, som er eitt av dei mest populære turistmåla i Noreg. Selskapet driv også turisthamna og Fretheim Hotel. Flåm Utvikling AS er igjen eigd av Aurland Ressutsutvikling AS, som og eig Rederiet Sognefjorden, Toget Kafe og Heimly Pensjonat.

Aurland Ressursutvikling AS

- sjå Flåm Utvikling AS.

Aurland naturverkstad BA

vart skipa i 1999 og er eit konsulentselskap innan naturforvaltning.

Holo Gardstun på austsida av Flåmsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holo Gardstun på austsida av Flåmsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luna Mineral AS

Aurland kommune, to grunneigarar frå Gudvangen og ein frå Voss skipa i 2001 selskapet Luna Mineral AS for å få kontroll over ei eventuell framtidig stordrift av mineral i Nærøydalen - sjå: Anortositten i Nærøydalen.

Aurland Handlesenter

på Aurlandsvangen vart opna i 2002. Senteret vart reist av Aurland Eigedom AS, som er eigd av Aurland Sparebank. Senteret husar i 2011 Borlaug Sport, Aurland Blomster og ein produsent av lysestakar m.m. i stein.

Aurland Blomster

- sjå Aurland Handlesenter.

Holo Gardstun

har frå 2003 foredla sau- og lammeslakt til spekemat, pinnekjøt og lokale spesialitetar.

Borlaug Sport

på Aurlandsvangen vart starta i 2003 av Frøydis Bjelde og Harald Borlaug I starten hadde dei butikklokala i kjellaren i bustadhuset, men frå 2004 har Borlaug Sport halde til i Aurland Handlesenter. Butikken har spesialisert seg på jakt, fiske og friluftsliv.

Flåm Ferdaminne

vart starta i 2004 av Anny-Irene Mykkeltvedt.

Mat og behag Sogn AS

vart skipa i Aurland i 2005 av kokken Noralf Langeteig og lokale matprodusentar. Firmaet held til på Sogn jord- og hagebruksskule og skal utvikle matvarer av lokale produkt og lokale oppskrifter.

Haugen Gardsmat AS

vart skipa i Flåm i 2006 av Odd Lothe Ohnstad med fleire. Verksemda produserer m.a. spekemat av reinsdyr og sel varene sine gjennom ei kjede for gardsmatprodusentar.

Sognefjorden Laft AS

i Vassbygdi vart skipa i 2006 med Pro Tech Machines, Robert Brenden og Arne Giertsen som dei største eigarane. Med spesialutvikla maskiner for tørking og dreiing produserte verksemda søyler, takstolar og laftehytter. I 2010 gjekk selskapet konkurs.

Ægir Bryggeri og pub

vart starta i 2007 - sjå Furukroa.

Ægir Bryggeri og pub. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ægir Bryggeri og pub. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013