Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Førde

Bilforretningar utgjer ein stor del av næringslivet i Førde. Berge & Co er den eldste av dei, firmaet vart starta i 1954. Her er fem VW-bobler oppstilte utanfor forretninga på 1960-talet.

Bilforretningar utgjer ein stor del av næringslivet i Førde. Berge & Co er den eldste av dei, firmaet vart starta i 1954. Her er fem VW-bobler oppstilte utanfor forretninga på 1960-talet.

Førde er det største handelssenteret mellom Bergen og Ålesund, og årsomsetninga i varehandelen er mellom dei høgste i landet pr. innbyggjar. Førde sentrum har sidan slutten av 1980-talet vore prega av store handelshus, og nye storbutikkar har etablert seg på Kronborg. Førde er særleg kjend som ”bilbyen” i Sogn og Fjordane fordi ein kan handle dei fleste bilmerka i Førde.

Enkeltomtalane er ordna etter startår.

SAMLESIDER:

  • Bankar i Førde
  • Entreprenør- og byggforretningar i Førde
  • Fabrikkar og verkstader i Førde - medrekna bilforretningar
  • Fotoatelier og elektroverksemder i Førde
  • Hotell og overnattingsstader i Førde
  • Landhandlar i Førde
  • Førde med handelshusa sine lokkar til seg handlande frå store delar av fylket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

    Førde med handelshusa sine lokkar til seg handlande frå store delar av fylket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

    ENKELTOMTALAR:

    Handelsstaden Sjøahola

    Sjøahola like under kyrkja på Skei var det gamle «handelssenteret» i Indre Sunnfjord.

    Handel og hotell på Skorpa

    I 1830 kom Hans Christian Lange frå Salbu i Hyllestad til Førde og starta landhandel på Skorpa (området der sparebanken ligg idag). Han dreiv også overnatting. Saman med lensmann Falch fekk han bygd Langebrua i 1836.

    Gjestgiveri og handel på Hafstad

    I 1838 fekk Karl A. Hafstad løyve til å drive handel på Hafstad.

    Bruland Skredderforretning

    vart grunnlagd i 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde åtte personar.

    Bakeri på Hafstad

    Johannes Gundersen (1856–1930) frå Jølster starta i 1895 bakeri på Hafstad. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Etter at Kvaal-bakeriet vart lagt ned på 1980-talet, husa bygningen ei tid ei moteforretning.

    Kvaals bakeri heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kvaals bakeri heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kvaals Bakeri

    på Hafstad frå 1930 – sjå Bakeri på Hafstad.

    Førde Brandtrygdelag

    Det lokale branntrygdelaget i Førde vart skipa i 1899 etter opptak frå ordførar Ole M. Erdal.

    Hafstad Kjøttforretning

    vart grunnlagt 1905 av M.L. Hafstad.

    Vie Senter

    - sjå Hafstad Kjøttforretning.

    Andreas Hjelle

    starta bakeri ved Langebrua på Hafstad i 1905.

    Hjelle Bakeri og Konditori

    – sjå Andreas Hjelle.

    Torgkaféen

    – sjå Andreas Hjelle.

    Picasso

    – sjå Andreas Hjelle.

    Førde Apotek

    vart grunnlagt 1907, og bygde i 1927 eige bygg der sparebanken idag har hovudkontoret. Huset heitte på folkemunne ”Pontoppidan”.

    Apotek 1

    i Handelshuset - sjå Førde Apotek.

    Vitusapotek

    i Røde Kors-bygget - sjå Førde Apotek.

    Forretningsfamilien Sølvberg

    Forretningsfamilien Sølvberg har drive forretning i Utvik, Jølster, Førde og Askvoll i fire generasjonar.

    Nils J. Flom

    bygde i 1910 eit treetasjers hus sør for Langebrua med plass til mange forretningar.

    Grillen

    - sjå Nils J. Flom.

    Turistskyss var ein av grunnane til at Firda Billag vart skipa, og turistkøyring er framleis ein viktig del av aktiviteten. Bussar som går i skuleskyss ni månader i året blir til turbussar om sommaren. Firda Billag har i mange år hatt samarbeid med reiseoperatøren Globus Gateway. Denne bussen er fotografert i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Turistskyss var ein av grunnane til at Firda Billag vart skipa, og turistkøyring er framleis ein viktig del av aktiviteten. Bussar som går i skuleskyss ni månader i året blir til turbussar om sommaren. Firda Billag har i mange år hatt samarbeid med reiseoperatøren Globus Gateway. Denne bussen er fotografert i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Firda Billag

    Firda Billag er i dag eitt av dei største rute- og transportselskapa i landet med 390 tilsette, og har mellom anna spela ein sentral rolle i skiping og drift av Norway Bussekspress.

    A/S Fjordenes Automobilselskap

    skipa i 1912 – sjå Firda Billag.

    Fjordane Reisebyrå

    - sjå Firda Billag.

    Travelnet Fjordane Reisebyrå

    - sjå Firda Billag.

    Transferd AS

    - sjå Firda Billag.

    Trucknor Firda AS

    - sjå Firda Billag.

    Førde kommunale El.verk

    frå 1914 – sjå Kraftforsyninga i Førde.

    Huus Bokhandel

    vart grunnlagd i 1918 av Georg Huus (1886-1965) frå Jølster. Han bygde eige forretningsbygg 1924, der det også var landhandel og pensjonat. Huset vart rive og nytt bygg reist i 1977.

    Førde Kontantkjøp

    - sjå Huus Bokhandel.

    Alfred Kristiansen

    manufaktur frå 1929 – Sjå Karl Kristiansen.

    Tidlegare var brislingfiske ei velkomen attåtnæring for folk i Førde. Dette biletet er teke ved Kletten, like utanfor dagens småbåthamn, i 1950. Foto: Dagfinn Reiakvam.

    Tidlegare var brislingfiske ei velkomen attåtnæring for folk i Førde. Dette biletet er teke ved Kletten, like utanfor dagens småbåthamn, i 1950. Foto: Dagfinn Reiakvam.

    Andreas Grytten

    starta slakteforretning på Hafstad i Førde på 1930-talet. Han utvida seinare med fiskematproduksjon og daglegvarehandel i forretningsbygget til Ivar Berge. Sonen Helge Grytten kom seinare med i forretninga, og dreiv fiske- og kjøtmatproduksjon fram til 2005.

    Førde Handelslag A/S

    vart grunnlagt 1934, og heldt nokre år til i ”Flom-huset” i sentrum sør. Disponent var Ivar J. Berge, som seinare m.a. bygde opp kafè Grillen, og nytt forretningsbygg då Floms-huset vart rive.

    Førde Samyrkelag

    vart starta i 1936. Sjå Coop Sogn og Fjordane.

    Sogn og Fjordane Skogselskap

    vart skipa i 1941 - sjå artikkelserien Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.

    Dette forretningsbygget reiste Lasse grønfur i 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Dette forretningsbygget reiste Lasse grønfur i 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Forretningsfamilien Grønfur

    I 1946 starta Lasse Grønfur Førde Sport, og i 1955 bygde han eitt av dei største forretningsbygga i Førde.

    Førde Sport

    - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Blinken Matsenter

    - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Bravo matsenter

    på Handelshuset - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Spesialvarer AS

    - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Jarle’s Gavesenter

    - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Spenst

    - sjå Forretningsfamilien Grønfur.

    Førde Fargehandel AS

    vart grunnlagt 1946 av bergensaren Henry Johnsen (1910-1992).

    Hukset og Naustdal

    møbel og brukskunstforretning vart starta i 1951 av interiørarkitekt Audun Hukset og Atle Naustdal.

    Hukset AS

    – sjå Hukset og Naustdal.

    Førde Varehus A/S

    – sjå Hukset og Naustdal og Forretningsfamilien Hjelmeland.

    Atle Naustdal AS

    møbelforretning – sjå Hukset og Naustdal.

    Arki AS

    arkitektfirma - sjå Hukset og Naustdal.

    Førde Varehus under oppføring i 1960. Dette er eitt av bygga som Andreas Hjelmeland reiste i Førde. I dag husar det Møbelringen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

    Førde Varehus under oppføring i 1960. Dette er eitt av bygga som Andreas Hjelmeland reiste i Førde. I dag husar det Møbelringen. Foto: Dagfinn Reiakvam.

    Forretningsfamilien Hjelmeland

    Hjelmelands-familien frå Bygstad har spela ei sentral rolle i utviklinga av Førde heilt sidan tidleg på 1950-talet.

    Volkswagen-annonse frå 1961.

    Volkswagen-annonse frå 1961.

    Møbelringen

    - sjå Forretningsfamilien Hjelmeland.

    Forretningsfamilien Berge

    Brørne Erling og Ivar Berge kom på same vis som forretnings-familien Hjelmeland frå Bygstad i Gaular kommune. Berge-namnet er først og fremst knytt til bilmerket Volkswagen i Sogn og Fjordane.

    Einar Øen

    bygde bensinstasjon på Hafstad i 1960. Seinare vart bygget utvida med eit tilbygg.

    Musikkcenteret AS

    - sjå Einar Øen.

    Førde Multi Media Torg

    - sjå Einar Øen.

    Farsund & Naustheller på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Farsund & Naustheller på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Farsund & Naustheller

    leverandør av flytande brensel, m.a. parafin og fyringsolje, vart skipa i 1965. På området sitt på Øyrane driv selskapet m.a. kortautomat for truckdiesel og farga diesel for AS Norske Shell. Farsund & Naustheller sel og parafinkaminar og har åtte tilsette.

    Fjordane Reisebyrå

    skipa 1965 – sjå Firda Billag.

    Førdefly

    skipa 1966 – sjå Førdefly under Samferdsle.

    Regnskapssentralen AS

    vart starta i 1969 av Cilja og Asbjørn Steen. I 2012 overtok dottera Anne Karin Steen Eikeland leiinga av firmaet saman med revisor Kåre Lunde.

    Erdal Sport AS held til i Elvegården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Erdal Sport AS held til i Elvegården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Erdal Sport AS

    vart skipa i Førde av Arne Erdal i 1971. Sonen, børsemakar Herman Erdal, starta Våpenloftet AS i Førde i 1991. Erdal Sport dreiv ei tid ei avdeling i Sogndal.

    Våpenloftet AS

    - sjå Erdal Sport AS.

    Spesialvarer AS

    vart starta av Arne Grønfur i 1972.

    TOOLS Spesialvarer AS

    - sjå Spesialvarer AS.

    Kontorsenteret AS

    vart starta av Nils Tore Johnsen i 1973. I 1975 overtok Norleif Bruland firmaet.

    Elvegården AS

    vart bygd i 1974 – sjå Fritz Hjelmeland og Førde Torg AS.

    Felleskjøpet

    forretning på Øyrane - sjå Vestlandske Felleskjøp under Jølster kommune.

    Hafstadgården

    vart bygd i 1982 av etterkomarane etter postopnar og ordførar Nils Hafstad.

    Astrid Blomster

    - sjå Hafstadgården.

    Olefine konditori

    - sjå Hafstadgården og Naustdal Dampbakeri.

    Spar Kjøp på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Spar Kjøp på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Spar Kjøp

    er ei billigvarekjede som opna forretning i Elvegården i Førde i 1982. I 2007 tok butikkjeda i bruk nytt forretningsbygg på 3000 kvadratmeter på Brulandsvellene.

    Rekneskapsteneste AS

    vart starta av Astrid Juklestad i 1982. I 1999 selde ho firmaet til Ranveig Indrekvam, som i 1993 hadde starta Naustdal Kontorteneste i Naustdal. Talet på tilsette auka gradvis til 18 i 2012. Då selde Ranveig Indrekvam firmaet til Majo Invest v/Jon Gimmestad frå Gloppen. Firmaet endra då namn til Økonor Førde AS.

    Økonor Førde AS

    - sjå Reknekapsteneste AS.

    Gyngehesten AS

    leiketøybutikk vart starta i 1983 av Arne Berent Larsen.

    Førde Ølutsal AS

    Skipa i 1983. Ølutsalet fekk monopol på all ølomsetning i Førde kommune.

    Førde Næringsutvikling AS - FNU

    – sjå Førde Ølutsal AS.

    Sunnfjord Næringsutvikling AS - SNU

    – sjå Førde Ølutsal AS.

    Multi Maritime AS

    vart skipa i 1983 etter initiativ frå ingeniør Petter Klock.

    Fiskerstrand AS

    - sjå Multi Maritime AS.

    Cubus

    - sjå Jeremias J. Klakegg.

    Berqvam-familien eig m.a. Handelshuset, som vart reist der Sunnfjord Slakteri tidlegare låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Berqvam-familien eig m.a. Handelshuset, som vart reist der Sunnfjord Slakteri tidlegare låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Forretningsfamilien Berqvam

    har vorte godt ”synlege” i bybiletet i Førde frå midten av 1980-talet. Familien står m.a. bak forretningsgarden i Storehagen (som husar m.a. Vinmonopolet), Handelshuset, Førde Torg saman med Fritz Hjelmeland, og Bohus Møbelhuset.

    Handelshuset

    - sjå Forretningsfamilien Berqvam.

    Handelshuset II

    - sjå Forretningsfamilien Berqvam.

    Qvam AS

    - sjå Forretningsfamilien Berqvam.

    Førde Kroa

    - sjå Forretningsfamilien Berqvam.

    Tonus Musikk

    vart starta i 1983 i Handelshuset. Forretninga som omsette musikk og filmar skifta seinare namn til Ti-Ti. Arnfinn Grøneng og Magne Lundekvam overtok som eigarar. Dei la ned forretninga i 2012 etter kraftig nedgang i omsetninga fordi det meste av musikk og filmar etter kvart vart omsett via internett.

    Ti-Ti

    – sjå Tonus Musikk.

    Bohus

    møbelforretning - sjå Forretningsfamilien Berqvam.

    Julehandel på Handelshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Julehandel på Handelshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Gjensidige Sogn og Fjordane

    forsikringsselskap, vart skipa i 1986 med hovudkontor i Førde.

    Vest Vision

    Fjernsyns- og videoproduksjonsselskap vart skipa i 1986.

    Blokkene på Bergum var det første store bustadbyggelagsprosjektet i Førde. foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Blokkene på Bergum var det første store bustadbyggelagsprosjektet i Førde. foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Sogn og Fjordane Bustadbyggelag

    vart skipa i 1986 med hovudkontor i Førde. Det bygde vidare på organisasjonen som Førde Boligbyggelag hadde frå starten av dette i 1966.

    Førde Boligbyggelag

    - sjå Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

    BOiVEST

    - sjå Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

    Bergen og Omegn Boligbyggelag - Region NordVest

    - sjå Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

    Bilpleiehallen AS

    vart starta av Stein Kjetil Holvik i 1986.

    Ditec Norge AS

    - sjå Bilpleiehallen AS.

    Vest Inkasso

    i Førde vart skipa i 1987 av Hugo Mølmesdal og Bernt W. Bertelsen. Inkassoselskapet hadde i 2003 38 tilsette og ei omsetning på nærmare 28 millionar kroner. Vest Inkasso har avdelingar i Oslo, Hamar, Bergen og Stord. I 2007 endra firmaet namn til CrediCare.

    CrediCare

    - sjå Vest Inkasso.

    Førde Bokhandel AS

    vart skipa av Johannes Fleten i 1987. Bokhandelen held til i Førde Torg, med filial i Sentrum sør. I 2006 vart bokhandelen overteken av den landsomfattande handelskjeda Norgesgruppen, som tidlegare same året vart eigar av Libris-kjeda.

    Økland Libris

    – sjå Florø Bokhandel A/S.

    Pricewaterhouse Coopers – PwC

    er eit internasjonalt revisjonsselskap som starta avdeling i Førde i 1987.

    Hellevang kontorsystemer AS

    vart starta i 1988 av Ståle Hellevang. Verksemda sel møblar for kontor, skular og barnehagar. Hellevang kontorsystemer AS har i 2010 seks tilsette og omset for om lag 16 millionar kroner.

    Vest Kontorutvikling AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Vest Kontorutvikling AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Vest Kontorutvikling AS

    vart starta i 1988 av Knut Nistad. Selskapet overtok då etter Roneo Alcatel, som hadde drive med kontormaskinar i Sogn og Fjordane sidan 1963. Firmaet, som har fire tilsette, er no oppkjøpt av Thorsen Gruppen i Bergen.

    Thorsen Gruppen

    - sjå Vest Kontorutvikling AS.

    Førde Kranutleige AS

    vart starta av Steinar Hoddevik i 1988. Firmaet hadde i 2013 ein omsetnad på 17,6 millionar kroner og fem tilsette. I 2014 overtok sonen Stig Are Hoddevik firmaet.

    Artic Group har hovudkontor på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Artic Group har hovudkontor på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Artic Shipping & Finans ANS

    er eit reiarlag som vart skipa i Førde i 1989.

    Artic Group

    - sjå Artic Shipping & Finans ANS.

    Falkenstein Hagesenter

    på Øyrane vart opna i 1990 av Turid Falkenstein. Ho dreiv der til 2010. Då la ho ned drifta, men dottera Mona Falkenstein starta på ny i 2011 i Naustdal.

    Rema 1000

    Per M. Jacobsen, frå Hadsel i Nordland, starta den første av i alt tre Rema 1000-forretningar i Førde i 1990 i Grønfur-bygget i sentrum sør.

    Kompetansesenteret Concord på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kompetansesenteret Concord på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kompetansesenteret Concord

    opna på Øyrane i 1990.

    Vinmonopolet AS

    opna det første utsalet sitt i Sogn og Fjordane i Førde 1991. Same året fekk også Nordfjordeid og Sogndal Vinmonopolutsal. Seinare har Måløy, Stryn, Årdal, Høyanger og Gaupne fått polutsal.

    Hoff & Knutson Transport

    vart starta i 1992 av Arild Hoff og Kjell Arild Knutson.

    Sogn og Fjordane Flyttebyrå

    - sjå Hoff & Knutson Transport.

    Sunnfjord Miljøverk

    interkommunalt selskap for avfallshandtering vart skipa i 1993 og kom i drift i 1994.

    Tema Landbruk Industri AS

    vart starta av brørne Edvard og Bjarte Reed i 1993.

    Tema Holding AS

    - sjå Tema Landbruk Industri AS.

    Drageset Super Spar

    i den bergensbaserte daglegvarekjeda Drageset starta butikk i Elvegården i Førde i 1993. Avdelinga vart lagd ned i 2008, og matvarekjeda Bunnpris tok over lokala.

    Bunnpris

    - sjå Drageset Super Spar.

    Førde Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Førde Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Førde Torg AS

    handelssenter vart opna i 1996. - sjå og Forretningsfamilien Berqvam og Fritz Hjelmeland.

    Elvetorget

    - sjå Førde Torg AS.

    Selja Forlag

    vart grunnlagt i 1996 av journalist og forfattar Torkjell Djupedal.

    Reisemål Sunnfjord AS

    vart skipa i 1996 og er eit reiselivslag og turistkontor for kommunane i indre Sunnfjord og Høyanger, med kontor i Førde.

    Arne Birkeland AS

    rekneskapsbyrå vart starta av Arne Birkeland i 1996. I 2012 hadde byrået 10 tilsette. Dette året vart det kjøpt av Florø-firmaet Råd & Regnskap Vest AS.

    Norsk Havfisk AS

    skipa i Førde i 1997 - sjå Langebruvegen 19 AS.

    Bautas

    er eit landsdekkande firma som driv med utleige av maskinar og anleggsutstyr og som vart etablert i 1997 som eit dotterselskap av Veidekke ASA. Selskapet har 40 avdelingar med til saman 500 tilsette, m.a. er det ei avdeling i Førde. Bautas AS skifta i 2010 namn til Ramirent.

    Ramirent

    – sjå Bautas.

    Fjordane IT Service AS

    vart skipa i Førde i 1998 av Dagmunn Fauske, Audun Viken og Jarl-Egil Haugsbø.

    Bergum mottakssenter

    Asylmottaket på Bergum vart starta i 1998 i hus som tidlegare hadde vore brukt som hybelbygg.

    Skeidar Førde AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Skeidar Førde AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Skeidar Førde AS

    Møbelkjeda Skeidar opna forretning i Førde i 1999. Forretninga vart bygd på Sanderplassen.

    Coop Extra på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Coop Extra på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Coop Sogn og Fjordane

    vart skipa i 2000 etter at dei fleste samvirkelaga i fylket gjekk inn i eit selskap med utgangspunkt i Førde Samyrkelag.

    Coop Vest BA

    - sjå Coop Sogn og Fjordane.

    Enivest AS

    vart skipa i Førde i 2000 med Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som dominerande eigarar med over 90 prosent av aksjane.

    Gravdal Skog & Hageservice AS

    vart starta av Jan-Tore Gravdal i 2000. Han starta verksemda som einmannsføretak. I 2008 gjorde han det til eit aksjeselskap, og i 2013 hadde firmaet 18 fast tilsette, brorparten av dei frå Aust-Europa. Omsetninga var på 17,7 millionar kroner i 2013, resultatet var tre millionar kroner. Verksemda held til på Vie og driv m.a. med skogsdrift, vedsal og som anleggsgartnar.

    Gravdal skog-foto Kjell Arvid Stølen.jpg?w=600

    Gravdal Skog & Hageservice AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kontorspar Førde

    vart starta i 2001 som del av den landsomfemnande Kontorspar-kjeda. Butikken på Øyrane omset kontorutstyr, datarekvisita og forbruksmateriell.

    Storegården på Øyrane, der Kontorspar Førde held til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Storegården på Øyrane, der Kontorspar Førde held til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Synsenteret Sør AS

    - sjå Jeremias J. Klakegg.

    SunnfjordAdvokatane AS

    Kontorfellesskap for advokatane Andreas Rønnekleiv og Olve Grotle vart stifta i 2003. SunnfjordAdvokatane AS har tre medarbeidarar (2010).

    Ankerløkken Eigedom AS

    vart starta i 2004. Sjå Ankerløkken Verft Førde.

    Televikar AS

    vart skipa av Telenor. I 2004 ville konsernet kvitte seg med tenester dei ikkje rekna som lønsame, mellom anna Televikar. Dei tilsette fekk kjøpe selskapet med utstyr for ei krone. Firmaet fungerer som sentralbord for firma når deira eige sentralbord er oberbelasta. I 2014 har Televikar AS åtte tilsette.

    Bokland AS

    skipa 2005 – sjå Florø Bokhandel A/S.

    Langebruvegen 19 AS

    er eit eigedomsselskap som vart skipa i Førde i 2005 av Dag Jøran Hjelmeland, Ole Jonny Øen og Tor Åge Vefring.

    Efinor Gruppen AS

    - sjå Langebruvegen 19 AS.

    Veolia Miljø Gjenvinning AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Veolia Miljø Gjenvinning AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Veolia Miljø Gjenvinning AS

    etablerte seg på Øyrane i Førde i 2005. Firmaet driv med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning.

    Advokatfirma Blikra, Slotterøy og Fonn AS

    vart starta i 2006 av Ivar Blikra, Erik Slotterøy og Robert Fonn. Firmaet har ti tilsette (2010). I 2011 starta firmaet avdeling i Florø med ein advokat.

    Førde Storsenter

    på Øyrane vart opna i 2006.

    Caveo

    - sjå Førde Storsenter.

    F20 Innovasjonssenteret

    - sjå Førde Storsenter.

    Førde Bilberging på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Førde Bilberging på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Førde Bilberging AS

    vart starta av Arild Tistel frå Vik i 2006. Selskapet driv bilberging på oppdrag frå Falck Redning og NAF Assistanse. Førde Bilberging vart etablert i Halbrendslia, men flytta i 2011 til nye lokale på Øyrane. I 2012 har firmaet seks tilsette, to tunge bergingsbilar og fire mindre bergingsbilar.

    Fagmiljø Førde Varme og interiør

    vart starta i 2006 av Henning Bruland og Joar Andre Friborg. Firmaet driv med sal og montering av omnar, piper og varmepumper, i tillegg til sal av møblar og garderobar. Firmaet har fem tilsette i 2012.

    Norconsult AS

    eit rådgjevande ingeniørselskap med hovudkontor i Bærum etablerte seg i Førde i 2006 då det kjøpte opp VVS Prosjekt AS med to tilsette. Selskapet held til på Øyrane, der det i 2014 var 11 tilsette. Selskapet har også avdelingar i Sogndal og Årdal.

    Biltema

    Biltema Norge AS opna stort varehus på Brulandsvellene i Førde i 2007.

    Penna Forlag

    vart starta i Førde i 2007 av Iris Loftheim Valaker og Johannes Fleten i Førde Bokhandel AS. Forlaget vart avvikla i 2010.

    Vestskog AS

    - sjå artikkelserien Skogbrukshistoria i Sogn og Fjordane.

    Plantasjen

    Gartneri- og hagesenterkjeden ”Plantasjen” opna avdeling i eige nybygg på Kronborg i Førde i 2007.

    Atle Frøysland i FabelAktiv. Foto: Jon Petrusson.

    Atle Frøysland i FabelAktiv. Foto: Jon Petrusson.

    FabelAktiv Fiske, Jakt og Naturopplevingar AS

    vart starta av Atle Frøysland i 2008. Selskapet formidlar og legg til rette for mellom anna fiske i lakseelvar og jakt.

    Merco AS

    vart starta av Ole Jonny Øen og Frode Engen i 2009. Firmaet er forhandlar av eit kjemisk produkt som reduserer utsleppet av NOx frå dieselmotorar. I 2010 hadde Merco AS ei omsetning på seks millionar kroner og fire tilsette.

    Mediebruket AS

    vart starta av Arild Nybø i 2009. Seinare kom Terje Sørbø inn som likeverdig hovudaksjonær. Mediebruket utviklar nettstader og har seks tilsette i 2013.

    Flaten Til Bords

    - sjå Anders Flaten.

    Flaten Boutique

    - sjå Anders Flaten.

    Garanti Eiendomsmegling Vest AS

    opna i Førde i 2011. Kontoret har fire tilsette i starten.

    Oro Shipping AS

    vart starta av Rune Førde og Thomas Lekva i 2011. Dei kjøpte skipet ”Artic Senior” og fekk kontrakt med Fiskefôrfabrikken EWOS.

    Plantasjen på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Plantasjen på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015