Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Hornindal

Raftevolds Hotell har sidan 1867 vore ein viktig arbeidsplass i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raftevolds Hotell har sidan 1867 vore ein viktig arbeidsplass i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første gjestgiveri og handel på Grodås

Det første gjestgiveriet på Grodås vart starta på 1700-talet. I første del av 1800-talet dreiv Claus Krohn Wiese frå Nordfjordeid handel og skjenkestove på Grodås, seinare overteke av Boalt-slekta frå same storgarden på Nordfjordeid.

Grodås slik kommunesenteret tok seg ut i 1910. Foto: Rasmus S. Kirkhorn. Frå Bygdeboka for Hornindal.

Grodås slik kommunesenteret tok seg ut i 1910. Foto: Rasmus S. Kirkhorn. Frå Bygdeboka for Hornindal.

Losji og ferjemann ved Kjøspollen

I samband med bygginga av Den Trondhjemske Postvei vart det på slutten av 1700-talet skipa skysstasjon og losji på Kjøs, på garden som i 2005 er eigd av Mathias Kjøs.

Kjøs Auto Transport

- sjå Losji og ferjemann ved Kjøspollen.

Raftevolds Hotel

I snart 150 år har Raftevolds Hotel vore eit landemerke og ein viktig arbeidsplass i kommunesenteret Grodås. Raftevolds Hotel vart grunnlagt av Ola M. Raftevold i 1867. Hotellet har vore drive av same slekta heilt sidan starten.

«Blåbærkongen»

Rasmus R. Kirkhorn, oppvaksen på Løken i Eid, starta i 1868 handel på Grodås. I 1890 overtok Rasmus K. Grodås butikken, og dreiv m.a. stor handel med blåbær. Difor vart han på folkemunne kalla "Blåbærkongen".

Rasmus R. Kirkhorn landhandel

sjå artikkelen: «Blåbærkongen».

Rasmus K. Grodås

sjå artikkelen: «Blåbærkongen».

Navelsaker Hotell

Lars Pedersen Navelsaker frå den vesle grenda Navelaker ved Hornindalsvatnet starta i 1876 Navelsaker Hotell (Hotell Grodås), landhandel og bakeri på Grodåssanden.

Hotel Bellevue

sjå Navelsaker Hotell.

Grodåsheimen

sjå Navelsaker Hotell.

Bankbygget som Hornindal Sparebank reiste i 1960. Det ligg vegg i vegg med forretningsbygget til Mikalsen.

Bankbygget som Hornindal Sparebank reiste i 1960. Det ligg vegg i vegg med forretningsbygget til Mikalsen.

Hornindal Sparebank

vart skipa i 1889. Banken fekk eige bygg på Grodåssanden i 1960. Sparebanken i Hornindal gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane då denne vart skipa i 1988. I 2011vart sparebankfilialen i Hornindal lagd ned, og tenestene vart overførde til Coop på Grodås (bank i butikk).

Rasmus A. Sørensen (Hilde)

starta i 1889 bakeri og handel på Grodås.

Hornindals Andelsmeieri

vart skipa etter opptak av Ola R. Svor i 1891 etter at han hadde fått stipend og gått meierikurs i Danmark.

Rasmus R. Sætren møbelverkstad

sjå Hornindals Andelsmeieri.

O. P. Lødøen

landhandel kom i gang på Grodås i 1902.

Ingeborg B. Grodås

starta handel på Grodås i 1902. Systera Pernille, gift med Ole P. Lødøen, heldt fram med forretninga ei tid.

Hornindal Handelslag

skipa i 1908. Handelslaget tok m.a. imot ljåar og navarar frå dei mange smedane i bygda, og selde desse varene vidare over heile landet.

Coop Nor-Sunn

avdeling Grodås - sjå Hornindal Handelslag.

Coop Vest BA

sjå Hornindal Handelslag.

Sætren Torvstrøfabrikk

Starta i 1910 i indre Hornindal av grunneigaren Rasmus O. Sætren og ein del andre interessentar i bygda.

Forretningsfamilien Lødemel

Bottolv A. Lødemel (1888-1975) starta i 1910 skreddarverkstad på Grodås.

Lødemels Bokhandel

- sjå Forretningsfamilien Lødemel.

Lødemel Bok og Interiør AS

- sjå Forretningsfamilien Lødemel.

PeBe Klær AS

klesforretning - sjå Forretningsfamilien Lødemel.

Hornindal Kraftverk

vart skipa i 1913 og skal vere det første reint kommunale kraftverket i Sogn og Fjordane.

I dette huset heldt Hornindal Kværn til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt Hornindal Kværn til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal Kværn L/L

vart skipa i 1915 og bygde mølle ved Storebrua på Gausemel. Mølla vert framleis nytta til maling av malt for ølbrygging.

Skifabrikk

Lars S. Kirkhorn starta kring 1915 skifabrikk i Hornindal.

Hornindal Autoselskap

Hornindal Auto - vart skipa i 1926, og starta rutekøyring i dalen med ein personbilar og lastebil.

Sætren Sag

vart starta i mellomkrigstida av Rasmus Sætren.

Rasmus Solheim

starta landhandel på Solheim i indre Hornindal på 1930-talet.

R. A. Solheims Eftf.

- sjå Rasmus Solheim.

Per K. Grodås

starta urmakarbutikk på Grodås i 1932.

Meieriplanar i Hornindal

I 1933 vart det bygt eit lite meieri på Grodås, og i 1949 freista fleire organisasjonar å starte eit nytt og større meieri i Hornindal.

Pål K. Seljeset med ein av dei første traktorane i Hornindal. Foto: Bjarne Lødøen.

Pål K. Seljeset med ein av dei første traktorane i Hornindal. Foto: Bjarne Lødøen.

Første traktoren

kom til Hornindal i 1934, innkjøpt av norskamerikanaren Gustav L. Haugen.

Brørne Espe snikkar- og treskjerarverksted

vart skipa i 1935 av Johannes Espe.

B. O. Lødøen

bygde bakeri og kafe på Grodås i 1936.

Rasmus Sætren

dreiv også møbelverksted og treskjæring frå 1941 og utover.

Espeli Trevare

vart grunnlagd av Ragnvald og Arne Espe 1954.

Espeli Møbelfabrikk AS

- sjå Espeli Trevare.

Knut R. Grodås

Knut R. Grodås

starta i 1954 butikk på Grodås.

Spar Hornindal

- sjå Knut R. Grodås.

Hero Møbler

vart starta i 1960 av Oskar Espe, Rolf Haugen og Ragnar Espe.

Aslaug Solvik

starta kafé på Øyebakken i 1960.

Ragnar Sunde

landhandel på Øyebakken - sjå Aslaug Solvik.

Kommunale industriutleigebygg

Tidleg på 1960-talet gjorde den politiske leiinga i Hornindal noko som var uvanleg på den tida: Kommunen gjekk i brodden for å skape nye og alternative arbeidsplassar i den typiske jordbrukskommunen ved bygging av industriutleigebygg på Ytrehorn og i Kirkhornfjæra ved Hornindalsvatnet.

Honndalshytta A/S

vart grunnlagt 1962 av Rolf Lund.

Grodås Camping

på Ytrehorn vart starta i 1963 av Hjørdis og Per Kobberstad.

Bakeri og fotoarkiv

Ragnvald Lunde starta bakeri på Grodås i 1963. Sonen Lars Lunde gjorde bakeriet om til fotoforretning (Fotohistorisk arkiv) i 1976. I 1985 overtok Olav Reidar Haugen bygget og gjorde det om til gatekjøken.

Grodås Trevare

Ei anna bedrift var Grodås Trevare A/S, eigd første åra av Hjellegjerde og Velledalen møbelfabrikkar i Sykkylven. Etter ei tid heilt overteke av Hjellegjerde-konsernet - sjå: Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Grodås Fabrikker A/S

konfeksjonsfabrikk grunnlagt 1962 av Lars E. Sunde frå Sunnmøre. Flytta 1967 inn i industriutleigebygget på Grodås.

Knut B. Grodås

starta bensinstasjon på Grodås i 1963.

Tekno Fabrikker A/S

var ei mekanisk industribedrift som starta på industriområdet på Ytrehorn i 1974.

Ekornes Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekornes Grodås. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elegante Møbler og Ekornes

Etablerte seg i industriutleigebygget på Grodås i 1974.

Ekornes Grodås

– sjå Elegante Møbler og Ekornes.

Bruheim AS

transportselskap starta i 1976.

Grodåsmøbler A/S

vart skipa i 1983 av Annelise og Oddvin Haugen. Verksemda heiter no Grodås Mønsterteknologi.

Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal

Grodås Trevare var eigd første åra av Sandvik & Co. i Ørsta og Velledalen møbelfabrikkar i Sykkylven. Etter ei tid heilt overteke av Hjellegjerde-konsernet.

Grodås Møbler A/S

- sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Grodås Trevare A/S

- sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Sandvik & Co.

- sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Hjellegjerde møbelfabrikk

- sjå Hjellegjerde og Sandvik i Hornindal.

Øen Kuldeteknikk AS

vart grunnlagt av Bjarne Øen i 1980.

Haugen Maskinutleige AS

vart starta i 1990 av Trygve Haugen. I 2008 overtok sonen Ronny Haugen leiinga av selskapet, og talet på tilsette auka frå tre til ni. I 2014 vart Haugen Maskinutleige gjort om til eigedomsselskap, og det vart oppretta eit nytt driftsselskap, Haugen Maskin AS. Selskapet leiger ut mannskap og anleggsmaskinar til større entreprenørselskap og har reist ein plasthall på 1600 kvadratmeter på Raudemel.

Haugen Maskin AS

- sjå Haugen Maskinutleige AS.

Slik tek skisenteret i Grendadalen seg ut. Foto: Hornindal Skisenter.

Slik tek skisenteret i Grendadalen seg ut. Foto: Hornindal Skisenter.

Hornindal Skisenter AS

vart skipa i 1992 med Hornindal Idrettslag og Hornindal kommune som dei største aksjonærane. Selskapet har teke på seg å byggje ut eit større skisenter i Grendadalen med alpinanlegg, skytebane og stadionområde, varmestover, parkeringsplassar m.m. I reguleringsplanen for Grendadalen er det også sett av område til hyttebygging.

Hornindal Smeden AS

vart skipa på Raudemel i 2002 av Svein Løvlid m.fl. og framstiller m.a. lafteverkty og andre gamaldagse verkty for trearbeid. I smia vart det også halde smedkurs. Verksemda vart lagd ned i 2008.

Grodås Mønsterteknologi

– sjå Grodåsmøbler A/S.

GRS Riflestocks AS

– sjå Grodåsmøbler A/S.

Honndalsrokken turistsenter AS

vart starta i 2003.

Coop Nor-Sunn

avdeling Grodås - sjå Hornindal Handelslag.

Honndalen HageCamp

vart starta i 2009 av Oddvin Lødemel. Campingplassen har 47 plassar for campingvogn og spikartelt.

Muldsvor Maskin AS

maskinentreprenør vart starta av Ole Morten Muldsvor i 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2014