Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Høyanger

Aluminiumsverket har vore og er framleis ein berebjelke i næringslivet i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Aluminiumsverket har vore og er framleis ein berebjelke i næringslivet i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

*Landhandlar i Høyanger *Fossekjøparane i Høyanger *Bankar og trygdelag i Høyanger *Gjestgjevarstader i Høyanger *Trevareverksemder i Høyanger *Industri og verkstader i Høyanger Sjå og Historia i Høyanger.

ANDRE VERKSEMDER:

Handelsstaden Værholmen

Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadane i ytre Sogn.

Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim

Sjur Hansen – på folkemunne kalla «Sjur i Veim» – starta i 1854 landhandel i Vadheim, og bygde i 1857 dampskipskai for å ta imot Fylkesbaatene då dei starta rutene i 1858.

Vadheim Turisthotell

- sjå Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Hansens Hotell

- sjå Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Vadheim Hotell

- sjå Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Nils Vattekar Eftf.

landhandel i Vadheim - sjå Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Christian Ramsli

arbeidde som fotograf i Vadheim frå 1870 og til ca. 1890.

Endre Trædal landhandel

Endre Trædal starta i 1894 landhandel i Vadheim. I 1909 selde han butikken til Christian Vik og bygde Trædals Hotell.

Trædals Hotell

- sjå Endre Trædal landhandel.

Trædals Pensjonat

- sjå Endre Trædal landhandel.

Christian Vik - ein allsidig forretningsmann

Christian Vik starta i 1900 landhandel i Vadheim, seinare dreiv han både bakeri, tønnefabrikk og sagbruk.

A/S Høyangsfaldene

skipa i 1915 - sjå Norsk Aluminium CO - NACO.

Forretningsfamilien Øren

Andreas Øren selde garden sin for 85.000 kroner, og det var startsignalet for industrisamfunnet Høyanger. Men Øren-familien har gjort seg gjeldande på mange vis i næringslivet i bygda.

Per A. Øren Transportforretning A/S

- sjå og Forretningsfamilien Øren.

A/S Hjetland og Sollesnes

var skipa i 1916. Forretninga selde klede og sko, og var radioforhandlar.

Høyanger Samvirkelag

vart skipa i 1921 etter initiativ frå Høyanger faglege Samorganisasjon.

Coop Høyanger

- sjå Høyanger Samvirkelag.

Coop Vest BA

- sjå Høyanger Samvirkelag.

Johs. Hellebø

starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.

Høyanger Matstove

Særmerkt serveringsstad som heldt til i ei gamal ljorestove flytta frå sørsida av fjorden.

H. Lavik Skotøy

vart starta av Hans Lavik i Storgata i Høyanger i 1927.

Høyanger Møbelhandel

- sjå H. Lavik Skotøy.

Sæbøe-familien

Sigurd Sæbøe starta landhandel og manufakturforretning i Høyanger i 1931.

Brørne Bjarne (t.v.) og Sigmund Holen ved gartneriet sitt i 1932. Privat foto, utlånt av Rune Holen.

Brørne Bjarne (t.v.) og Sigmund Holen ved gartneriet sitt i 1932. Privat foto, utlånt av Rune Holen.

Brørne Holen Handelsgartneri

i Høyanger vart start i 1931 av Sigmund og Bjarne Holen. Dei leigde jord hjå Olai Hjetland og hadde heilt frå starten eige veksthus. Gartneriet var i drift til 1975.

Bergensmeieriet avd. Høyanger ca. 1980.

Bergensmeieriet avd. Høyanger ca. 1980.

Høyanger Meieri

vart skipa i 1932, og hadde over 200 leverandørar på det meste.

Levendefiskhallen

vart starta i Høyanger i 1946 av Frantz Borch. Firmaet hadde 3 personar i arbeid, og selde m.a. levande fisk frå kummar. Dei leverte også fisk til hotella i Balestrand og til Årdal.

Høyanger Radio

Einar Høyvik frå Balestrand starta radioforretning og radio verkstad i Høyanger i 1946 under firmanamnet Høyanger Radio.

Høyanger Radio og TV

- sjå Høyanger Radio.

Høyanger Apotek

vart opna i 1957.

Oppdrettspionéren i Bjordal

Osland Havbruk AS i Bjordal vart skipa av oppdrettspioneren Erling Osland i 1962. Selskapet heitte då Eros Laks.

Eros Laks

– sjå artikkelen: Oppdrettspionéren i Bjordal.

Osland Havbruk AS

– sjå artikkelen: Oppdrettspionéren i Bjordal.

Marine Harvest

settefiskanlegg på Sørebø - sjå artikkelen: Oppdrettspionéren i Bjordal.

Forretningsfamilien Ytredal

Pedro Ytredal, dottera Werna og sonen Frank har skapt mange arbeidsplassar innan transportnæringa og andre industri- og forretningsaktivitetar i Høyanger og Vadheim.

Pedrolaks

– sjå artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal.

Ytre Sogn Gravferdsbyrå

– sjå artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal.

Blomsten

– sjå artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal.

Ytredal Holding AS

– sjå artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal.

Vadheim Næringspark

– sjå artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal.

Jon Bjarne Ljotebø

starta transportselskap i Vadheim i 1963.

Ljotebø Transport AS

- sjå Jon Bjarne Ljotebø.

Sandtaket i Mjølsvik

Kring 1963 starta forretningsmannen Egil Smørås frå Bergen eit sandtak i Mjølsvik på sørsida.

Nordeide Transport A/S

vart grunnlagt i 1970 av Svein Rune Nordeide. Firmaet gjekk konkurs i 2001.

Høyanger Rørleggerforretning AS

vart starta i 1976.

Massnes Villmarksmuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Massnes Villmarksmuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Massnes Villmarksmuseum

vart skipa i 1984 av Olav Fridtun. I 1992 bygde Fridtun museumsbygg der ein kan sjå eit stort tal utstoppa norske pattedyr og fuglar. Om våren kan ein oppleve tiur og orreleik i dyrehagen.

Per A. Øren Transportforretning AS

– sjå Forretningsfamilien Øren.

Hydro

Hydro-konsernet har vore eigar av aluminiumsverket i Høyanger sidan dei overtok ÅSV-konsernet i 1986. – Les meir om Hydro under Historia i Høyanger i samleartiklane om industriutviklinga i Høyanger og ein særskilt artikkel om Hydro-konsernet under Årdal kommune.

Høyanger Næringsutvikling

vart skipa i 1989 for å hjelpe fram nye verksemder i kommunen. I 1993 vart Sørsida Idebank skipa som underavdeling for å drive tilsvarande etableringsarbeid på sørsida av fjorden.

Fjorddesign A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjorddesign A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjorddesign A/S

i Torvund vart skipa i 1990 av Rune Hjelmeland og Wenche Glomsaker. Verksemda produserer skipsinnreiingar og driv møbeltapetsering, og hadde i år 2000 ei omsetning på ni mill. kroner.

Bjorsand AS

sandtak i Bjordal vart starta i 1996.

FjordTrykk

i Høyanger vart skipa som aksidenstrykkeri i 1997, då trykkeriet til tidlegare Sogn Dagblad vart lagt ned. Verksemda gjekk konkurs i 2005.

POW Productions AS

vart skipa i Høyanger i 1998 av Bjarte Johansen og Arve Ullebø då dei tok over Høyanger foto. Etter kvart har verksemda dreia mykje over til reklame- og PR-byrå og musikkproduksjon. POW har starta produksjon av trykksaker etter at Fjord Trykk la ned drifta. I 2006 har POW fem tilsette.

Valkyrien Catering

med pub og kafé vart starta Ortnevik i 1998 av Anne Kristin Osland. I 2001 tok Bjordal Bygdeservice BA over drifta.

Heimesida til KvalitetsLosen AS.

Heimesida til KvalitetsLosen AS.

KvalitetsLosen AS

er eit datafirma som vart skipa i Høyanger i 2004 av John Tonheim og Jan-Erik Gullheim. Høyanger kommune er også aksjeeigar. Verksemda har spesialisert seg på å levere dataprogram for styring, internkontroll og rapportering i kommunesektoren. I 2006 har verksemda seks tilsette og ei omsetning på kring fem millionar kroner.

T. Frivik Taubanedrift AS

vart starta av Torbjørn Frivik i 2004. Firmaet driv skogsdrift i bratt terreng, og har i 2012 tre mobile hogststasjonar med taubane og 15 tilsette, i hovudsak frå Litauen. I tillegg har selskapet oppdrag med snøskredkontroll for Statens vegvesen og driv med import av taubaner.

Vinmonopol-utsal

fekk Høyanger i 2007, som det niande i fylket etter Førde, Eid, Sogndal, Florø, Måløy, Stryn, Årdal og Sandane.

Vinmonopolutsalet i Høyanger i Meieribygget. Mjølka er bytt ut med sterkare drikkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinmonopolutsalet i Høyanger i Meieribygget. Mjølka er bytt ut med sterkare drikkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

LA Fureli Maskin

entreprenørfirma vart starta av Leif Arne Fureli frå Vadheim i 2007. Firmaet har i 2011 tre tilsette.

Sogn Aqua AS

vart starta i 2007 av Jan Arne Brekke m.fl. Selskapet driv med oppdrett av kveite i Bjordal. I anlegget er det 25.000 kveiter. I juni 2012 vart den første lasta med kveite send til Oslo, og selskapet reknar med å levere 100 tonn fisk innan 2014.

Seamatech

torskeoppdrett vart starta i Vadheim i 2008. Selskapet har base i Vadheim Industripark, og anlegget er etablert ved Bogen ytst i Vadheimsfjorden. Seamatech har og konsesjon for oppdrettslokalitetar ved Avsnes og Hovden.

Men drifta gjekk med store underskot, i 2013 øydela sjukdom mykje, og i 2014 vart anlegget tømt for fisk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015