Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistorie i Askvoll

Askvoll sett frå lufta. Sentrum lengst til venstre, midt i biletet Askvoll kyrkje, vi ser og brua og steinfyllinga over Askvika. I framgrunnen Helle. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Askvoll sett frå lufta. Sentrum lengst til venstre, midt i biletet Askvoll kyrkje, vi ser og brua og steinfyllinga over Askvika. I framgrunnen Helle. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den seinare stortingspresidenten, sokneprest Georg Prahl Harbitz vart første ordførar då Askvoll kommune vart skipa i 1837.

I tillegg til det som idag er Askvoll kommune, låg bygdene langs kysten frå og med Hyllestad og Øen sokn (no i Hyllestad) og Nordsula (bygdene lengst nord i noverande Solund kommune) innanfor kommunegrensene i sør. I nord var Staveneset og Grimelid ved innløpet til Førdefjorden dei nordlegaste grendene i Askvoll kommune.

Kommunesenteret Askvoll sett frå vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunesenteret Askvoll sett frå vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Dalsfjorden gjekk grensa mellom Askvoll og dåverande Ytre Holmedal herred (kommune) vest for Vårdal på nordsida, og mellom Hellevik og Fure på sørsida. I 1861 vart Hyllestad eigen kommune, og fekk då med seg Hyllestad og Øen sokn frå Askvoll. I 1887 vart Solund eigen kommune, og fekk då bygdene i Nordsula frå Askvoll. (Bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal på nordsida av Dalsfjorden høyrde til Ytre Holmedal herad (kommune) som i 1911 skifta namn til Fjaler kommune. Indre Holmedal herred skifta samstundes namn til Gaular).

Utviding av grensene i 1964

Ved kommunereguleringa i 1964 overtok Askvoll kommune bygdene Osland, Stavestrand og Vågane frå nedlagde Bru kommune, og Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik frå nedlagde Vevring kommune. Bru og Vevring komunar låg ved innlaupet til Førdefjorden (sjå også Kommunehistoria i Naustdal).

Holmedal var fram til 1990 ein del av Fjaler kommune. Foto: Kjell Eikemo.

Holmedal var fram til 1990 ein del av Fjaler kommune. Foto: Kjell Eikemo.

Ny regulering i 1990

Ved ei ny kommuneregulering i 1990 vart Dalsfjorden grenseskilje mellom Askvoll og Fjaler, ved at Fjaler tok over «sørsidebygdene» Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad frå Askvoll, og Askvoll overtok Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal frå Fjaler.

Dagens grenser

I dag er Dalsfjorden grense mellom Askvoll og Fjaler mot sør, og Førdefjorden grense mellom Flora og Askvoll i nord. I aust grensar Askvoll mot Førde kommune vest for Heilevang, og mot Gaular kommune vest for den flotte Laukelandfossen ved Dalsfjorden.

Gamle heradsheimen i Askvoll var i bruk til 1983. <br>Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamle heradsheimen i Askvoll var i bruk til 1983.
Foto: Arild Nybø, NRK.

HAFS-samarbeidet

Askvoll kommune er saman med Fjaler, Solund, Hyllestad og Gulen med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS,som vart skipa i 1992. Dei fire kommunane samarbeider også om ymse kommunale tenester innan t.d. administrasjon, sosialvesen og informasjon. HAFS stod sentralt i skipinga av Lutelandet Utvikling AS, som skal arbeide for utvikling av tyngdre industri, evt. også ilandføring av olje og gass på Lutelandet i Fjaler kommune.

Kommunehus

Det første kommunehuset vart bygt i Askvoll på 1890-talet. Det husa også legebustad. I 1923 tok kommunen i bruk det nye «Heradsheim». Her var det m.a. kontorlokale for sanitetslaget si helsesøster, tannlegekontor, likninga, Askvoll Sparebank, og kjellaren vart nytta som kinolokale og møte- og festlokale for bygda.

Den tidlegare gamleheimen fungerte som rådhus frå 1983 til 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare gamleheimen fungerte som rådhus frå 1983 til 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1983 vart kommuneadministrasjonen flytta over i den gamle aldersheimen på Røyset like nord for Askvoll sentrum. Denne var bygd i 1937, men vart forboden som aldersheim på 1970-talet på grunn av brannfaren. Den vart etter nokre år ominnreia for å tene som rådhus for kommunen. I 2005 kjøpte Askvoll kommune eit næringsbygg frå entreprenørane Tangedal og Olset på Bøen for å nytte det som nytt rådhus.

Askvoll rådhus i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askvoll rådhus i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Politisk leiing

Askvollhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvollhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andre historiesider

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013