Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Gaular

Dette tyske flyet, ein Focke Wulf, styrta ved Fauskestøylen etter treff frå allierte fly 9.februar 1945. Biletet er teke i juni same året. Jonn Lundekvam, som tronar øvst på flyet, såg luftkampen frå Skilbrei. Dei andre på biletet er frå v. Arne, Jenny og Else Lundekvam og Aud Tøssebro. I 1983 vart flyvraket fjerna og frakta til USA, der det ti år seinare var ferdig restaurert. Foto frå boka ”Den svarte fredagen”, utlånt av Jonn Lundekvam.

1. VERDSKRIG:

*Mistanke om spionar på Langeland

2. VERDSKRIG:

Krigsutbrotet 1940

Ved krigsutbrotet 1940 vart 116 menn frå Gaular mobiliserte og sette inn i kampane i Valdres og Hallingdal. I Valdres fall Johannes K. Årseth, og Ingvald Jakob Oppedal fall i Hallingdal.

Infanterikompani i Bygstad

I 1942 plasserte tyskarane eit infanterikompani i Bygstad. I 1943 vart dei avløyste av eit pionérkompani der soldatane hadde til oppgåve å leggje ut landminer kring tyske støttepunkt i Sogn og Fjordane. På Sande var det plassert nokre få vaktsoldatar i 1942-1943.

I fjellhammaren som no er delt i to av E39 hadde tyskarane sprengkammer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I fjellhammaren som no er delt i to av E39 hadde tyskarane sprengkammer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksvegen underminert

Ved Langelandsvatnet, like ved grensa mot Førde kommune, bygde tyskarane sprengkammer i fjellet for å kunne stengje riksvegen ved eit eventuelt åtak.

Minnesmerke ved Førde Lufthamn på Bringeland over dei allierte flymannskapa som miste livet på den svarte fredagen 9. februar 1945. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerke ved Førde Lufthamn på Bringeland over dei allierte flymannskapa som miste livet på den svarte fredagen 9. februar 1945. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Desse sprengkammera skapte problem då vegen langs Langelandsvatnet vart utbetra på 1990-talet fordi ein ikkje var sikre på om det låg sprengstoff att. Kammera låg i fjellhammaren der E39 no går gjennom ei stor skjæring. Etter nærmare undersøkingar, viste det seg at dynamitten var fjerna.

Ammunisjonslageret i Årbergsdalen

I Årbergsdalen bygde tyskarane eit stort ammunisjonslager i 1943. Dette var sentrallageret for tyskarane i Sogn og Fjordane.

Flymeldepost i Viksdalen

På Nes i Viksdalen installerte Luftwaffe ein flymeldepost i 1945.

Den svarte fredagen:

Luftslaget over Sunnfjord

9. februar 1945 er skriven inn i krigssoga for Sunnfjord som «Den svarte fredagen». Då utkjempa allierte og tyske krigsfly eit stort luftslag over Sunnfjord. Eit av dei britiske flya vart skote ned ved Bygstad. Eit tysk fly havarerte ved Fauskestølen like nord for Hjelmeland. I 1984 vart det reist ein minnestein over luftslaget på Førde Lufthamn, Bringeland.

Sjeldan har vel radioapparat vore så omsverma som fredsdagen 8. mai 1945. Her er radioen plassert på taket av eit skur. Biletet er frå Reita i Bygstad. Foto: Geirmund Aase. © Fylkesarkivet.

Sjeldan har vel radioapparat vore så omsverma som fredsdagen 8. mai 1945. Her er radioen plassert på taket av eit skur. Biletet er frå Reita i Bygstad. Foto: Geirmund Aase. © Fylkesarkivet.

Gestapo-sjefar på flukt

Ved freden i mai 1945 freista leiarane for det frykta Gestapo-reiret i Høyanger å kome seg unna, men vart fanga i Gaular.

Falne og omkomne frå Gaular

Folk frå Gaular i tysk fangenskap

Minnestein på Sande for dei to som omkom i kampane i Valdres og Hallingdal under krigsutbrotet i 1940. Foto: Arild Nybø, NRK.

Minnestein på Sande for dei to som omkom i kampane i Valdres og Hallingdal under krigsutbrotet i 1940. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.11.2011