Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Gulen

Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta store festningsverk ved innløpet til Sognefjorden. Dette er torpedobatteriet ved Rutledal. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta store festningsverk ved innløpet til Sognefjorden. Dette er torpedobatteriet ved Rutledal. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Eksersisplass i Brekke

Frå den norske hæren vart skipa i 1628, var det eksersisplass i Brekke.

1. verdskrig i Gulen

Marinekommando Vestlandet bygde under 1. verdskrig ein signalstasjon ved Eivindvik. Under 1. verdskrig fann ein lika av 16 engelske soldatar drivande i ein livbåt.

2. VERDSKRIG:

Norske bombefly over Gulen

Under krigsutbrotet 9. april 1940 vart den norske marinen sine sjøfly ved stasjonen på Flatøy ved Bergen evakuerte i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn.

Englandsfarten

– om farten til Shetland og skyssing av motstandsfolk i dei norske fjordane.

Torpedobatteriet i Rutledal

Det første store forsvarsanlegget som tyskarane bygde i Sogn og Fjordane, var torpedobatteriet ved Rutledal. Dette var på plass alt i mai 1940.

Fortet i Rutledal

Vestanfor torpedobatteriet i Rutledal stod eit sterkt kystfort stridsklart i mai 1941.

Fortet på Risenes

Ei mil vestanfor torpedoanlegget og festninga i Rutledal vart fortet på Risenes bygt i 1942. Dei som budde der vart tvangsflytta.

Fylkesbaaten «Gula» vart bomba

Den 14. november 1944 vart Fylkesbaatane sitt skip d/s «Gula» bomba av 20 allierte fly ved Dingja. Ombord var 30 passasjerar.

Minebelte

Fleire stader i Gulen vart det lagt ut minebelte under 2. verdskrig. Eit av sunda som vart sperra, var Grimesundet mellom Klokksøy og øya Grima. Dette gjorde at fiskarar frå Mjømna måtte gå ein lang omveg på ein time ekstra når dei skulle til og frå fiskefelta vest for Byrknes.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Eit slikt fly havarerte på Grindefjellet i november 1942.

Eit slikt fly havarerte på Grindefjellet i november 1942.

Krigsfly styrta på Grindefjellet

I november 1942 styrta eit tysk Junker 52 transportfly i tett skodde på Grindefjellet.

Skip senka to veker før krigen slutta

Den 23. april 1945 vart DS ”Ingerseks” på 4969 bruttotonn senka av allierte fly i Risnefjorden. Dette var det siste skipet som vart senka i Sogn og Fjordane under andre verdskrigen.

'Solbris'-flyktning budde i Gulen

Under 2. verdskrig budde bergensaren Sofus Kahrs i ei hytte på Timbreøya, som han eigde ved Eivindvik. Han var nazist, og greidde etter krigen å flykte til Argentina i lystbåten «Solbris».

Falne og omkomne frå Gulen

Folk frå Gulen i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011