Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Sogndal

Slaget ved Fimreite i 1184 er ein av dei største krigshandlingane i norsk historie. Denne teikninga framstiller kong Sverre som talar til menne sine før slaget mot kong Magnus. © Fylkesarkivet.

Slaget ved Fimreite i 1184 er ein av dei største krigshandlingane i norsk historie. Denne teikninga framstiller kong Sverre som talar til menne sine før slaget mot kong Magnus. © Fylkesarkivet.

Bygdeborga i Årøy

På ein bergkolle like aust for den ville Helvetesfossen i Årøyelvi ligg Borgarholt.

Kong Sverre brende Lusakaupang

Julaftan 1183 samla misnøgde bønder seg og drog til Lusakaupang, der dei drap fleire kongelege lendmenn og fylgjet deira. Som straff sende kong Sverre Sigurdsson våren etter ein hær til Sogn...

Slaget ved Fimreite

På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184.

Soldatopprøret i 1659

Våren 1659 kom løytnant Paul Wilhjem til Sogn for å skrive ut soldatar til krigen mot svenskane. Dei innkalla saboterte oppropet, og det enda med at løytnant og fut rauk i slagsmål med bondegutane.

Eksersisplassen i Sogndal

På 1700-talet vart det skipa militær ekserserplass ved Sogndalsfjøra for Sogndahlske Compagnie, som høyrde under Bergenhusiske Regiment.

Hovland var kapteinsgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovland var kapteinsgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden Hovland

Garden Hovland ligg på Kaupangerskogen. Hovudbygningen frå 1700-talet viser at her har budd folk frå det øvre sosiale sjiktet i Sogn.

Minnestein etter krigen<br> mot svenskane. <br>(Foto: A. Nybø, NRK)

Minnestein etter krigen
mot svenskane.
(Foto: A. Nybø, NRK)

Minnestein og kornmagasin etter krigen 1807-1814

I Sogndal er det reist bautasteinar på Storekleivi og på Almenningen til minne om sogndøler som deltok i krigen mot svenskane i åra frå 1807 til 1814.

Festglad løytnant for fulle segl opp Sogndalsdalen

Premierløytnant John Gill eigde lensmannsgarden på Bjedla frå 1849 til 1853.

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Om kvelden den 11. august 1911 small det tre revolvarskot på eitt av gjesteroma i Olsens Hotell på Hanehaug/Leikanger. Tre personar var skotne gjennom tinningen. Teorien gjekk ut på at den eine var agent som ville ta Keisar Wilhelm II II av dage.

Tyske krigsskip i Sognefjorden

Like før utbrotet av 1. verdskrig i 1914 fekk fleire tyske krigsskip løyve til å gå inn i Sognefjorden. Eitt av skipa var slagkryssaren «Schleswig-Holstein» som låg oppankra i fleire veker tett inn til land i Fjærland.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland».

Container som eit alliert fly sleppte over Sogndalsdalen under andre verdskrigen. I desse containerane var det våpen og andre forsyningar til dei norske motstandsgruppene.

Container som eit alliert fly sleppte over Sogndalsdalen under andre verdskrigen. I desse containerane var det våpen og andre forsyningar til dei norske motstandsgruppene.

2. verdskrig i Sogndal

– om Milorg-basen i Sogndalsdalen, krigskraft frå Årøy m.m.

Var det ein framand ubåt i Sogn?

Var det ein framand ubåt i Sogn?

Ubåten i Sognefjorden

Ein haustdag i 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011