Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Stryn

Slik såg det ut når Ulvedalsveten varsla om ufred. Foto frå TV-reportasje, Torje Bjellaas, NRK.

Slik såg det ut når Ulvedalsveten varsla om ufred. Foto frå TV-reportasje, Torje Bjellaas, NRK.

Ulvedals-veten og vetestova

På Ulvedal ved Blakset står framleis den gamle vetestova, der mennene som vakta Ulvedalsveten søkte ly. Les meir om vetane i Nordfjord i artikkelen Det gamle vetesystemet i Nordfjord.

Spidda mor og barn med kården

Til soldaten Absalon Bentson Drageset (1691–1754) i Innvik knyter det seg ei grufull soge frå 10-årskrigen mot svenskane tidleg på 1700-talet:

”Roret” på ei av bombene som vart sleppte over Stryn 24. april 1940 vart teke vare på i kommunehuset og har fått plass på kontoret til ordførar Nils P. Støyva. Foto: Harald Vartdal.

”Roret” på ei av bombene som vart sleppte over Stryn 24. april 1940 vart teke vare på i kommunehuset og har fått plass på kontoret til ordførar Nils P. Støyva. Foto: Harald Vartdal.

Nordfjordske Nationale Musketérkompagni

Nordfjordske Nationale Musketérkompagni , og kalla Strynske Compagnie, leigde frå 1837 eksersisplass på Tonning.

Soldatar gjekk seg vill i skodda

Ei historie om nokre soldatar frå Olden som kryssa breen på veg heim frå krigsteneste ved svenskegrensa, skriv seg frå 1815.

2. VERDSKRIG:

Oberst Rasmus Larsen Hatledal

frå Stryn vart ein av dei norske militære frontfigurane ved krigsutbrotet 9. april 1940.

Bombinga av Stryn 1940

Stryn vart bomba 24. april 1940. Fleire tyske bombefly sleppte store mengder sprengbomber og brannbomber over sentrum, men trefte dårleg. Dei skaut også på bygdefolk som rømde til skogs, men som ved eit mirakel vart ingen drepne eller såra. Fleire hus i Stryn sentrum vart sterkt skadde, eitt av dei var kommunehuset. Også på Hjelle og i Tunoldsvik i Oppstryn vart det sleppt bomber.

Det gamle skulehuset/kommunehuset vart skadd i bombeåtaket. Foto: Martha Aarnes.

Det gamle skulehuset/kommunehuset vart skadd i bombeåtaket. Foto: Martha Aarnes.

Dei allierte ville opne Strynefjellet

I aprildagane 1940 hadde dei allierte planar om å setje i land britiske soldatar som skulle ta seg over Strynefjellet.

Naudlanding og kampar på Strynefjellet

27. april 1940 var ein tysk Heinkel 111 H-1 på bombetokt i Romsdal då det kom i kamp med to engelske Blackburn Skua kampfly.

Britiske rømlingar i Stryn

På same vis som i Årdal - freista britiske soldatar som flykta frå kampane i Gudbrandsdalen og ta seg ut til kysten gjennom Stryn. Ei gruppe på 29 britar gjekk over Strynefjellet til fots. Lastebilsjåfør Kristian Egge og eit par hjelpesmenn skyssa dei britiske soldatane til Nordfjordeid. Der overtok Ingebrigt Naustdal (Naustdal Auto A/S) og Osvald Botn og fekk britane utover mot kysten. Der vart dei henta av britiske krigsskip.

Militærleiren i Stryn

Tyskarane bygde ein av sine største militærleirar i Sogn og Fjordane i Stryn. Den viktigaste grunnen var vern av den strategisk viktige Strynefjellsvegen i tilfelle ein alliert invasjon.

Den tyske okkupasjonsmakta gjorde seg sterkt gjeldande på ein del stader i Sogn og Fjordane, som i Stryn. Dette biletet er frå ein militærparade med feiande korpsmusikk i Stryn sentrum. Foto frå boka ”Stryn under hakekorsflagget” av Martin Lilleheim.

Innvikar omkom i bombeåtak

Fem nordfjordingar – fire frå Vågsøy og ein frå Innvik – vart drepne då frakteskuta «Store Bill» frå Måløy vart bomba. Les meir i artikkelen Bombetragedien med «Store Bill» under Vågsøy kommune.

Falne og omkomne frå Stryn

I alt ti personar busette i Stryn kommune miste livet som fylgje av krigshandlingar.

Folk frå Stryn i tysk fangenskap

15 stryningar sat kortare eller lengre tid i tyske fengsel og fangeleirar.

Ungdomshuset Frendehall på Blakset er pynta til fredsfest i mai 1945. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ungdomshuset Frendehall på Blakset er pynta til fredsfest i mai 1945. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjå også:

*Historia i Stryn

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.03.2011