Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Vågsøy

Måløyraidet er den mest dramatiske krigshendinga i Sogn og Fjordane. Eitt av troféa dei allierte styrkane sikra seg under raidet var det forhatte hakekorsflagget. Ukjend fotograf.

Måløyraidet er den mest dramatiske krigshendinga i Sogn og Fjordane. Eitt av troféa dei allierte styrkane sikra seg under raidet var det forhatte hakekorsflagget. Ukjend fotograf.

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar.

Soga om Iva Ottesen Frislid og namnet Ivahavet

I 1750 vart det fødd ein mann frå Heggjabygda i Eid kommune som skulle få ei fargerikt liv som soldat i Kongens klær – og som vart opphavet til stadnamnet Ivahavet – ei grunn vik i Deknepollen.

Affæren ved Silden 1810

Under Napoleons-krigane 1810 gjekk dei engelske fregattane ”Nemesis” og ”Belvedere” til åtak på 2 kanonskonnertar som låg stasjonerte på Silda. Engelskmennene tok det norske mannskapet til fange, og forfylgde eindel norske soldatar til fjells ved Osmundsvåg (sjå elles «Krigshistoria i Selje»).

Andre verdskrigen i Vågsøy:

Opprullinga av Stein-organisasjonen

i Bergen 1942 var den første store arrestasjonsbylgja som råka Sogn og Fjordane. Kontakt-nettet i organisasjonen baserte seg mykje på folk i postverket, som m.a. kunne drive etterretning og kurèrverksemd som postfolk ombord i Hurtigruta. Mannen som grunnla organisasjonen, Kristian Stein, var sjølv tilsett ved Bergen postkontor og arbeidde som postekspeditør på Hurtigruta. Alt sommaren 1940 tok han til å drive etterretning. Han organiserte transport av flyktningar over til England og distribuerte illegale aviser. Stein-organisasjonen vart avslørt i november 1941, og 200 personar arresterte. Kristian Stein sjølv vart avretta. Både i Florø og Måløy vart postfolk arresterte, i Måløy postmeister Halvor Sitje Fjalstad, Harald Sunde og Halvdan Wik. Alle vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland.

Måløyraidet

Måløy-raidet 3. juledag 1941 var eit av fleire allierte raid mot Norskekysten som m.a. skulle ha som føremål å villeie tyskarane. Liknande raid vart gjort mot Lofoten og Stord.

Før kystfortet i Vemmelsvik kom i drift sette tyskarane opp eit mellombels batteri på Kulen. I mai 1942 vart kanonane dregne på plass. Ukjend fotograf. Eigar. Olav Vemmelsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Før kystfortet i Vemmelsvik kom i drift sette tyskarane opp eit mellombels batteri på Kulen. I mai 1942 vart kanonane dregne på plass. Ukjend fotograf. Eigar. Olav Vemmelsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Store festningsanlegg i Vågsøy

Etter Måløy-raidet bygde tyskarane nokre av sine sterkaste festningsanlegg på Norskekysten langs skipsleia ved Måløy: Fjellfestningar med tunge kanoner var bygde på Halsør, Osmundsvåg, Måløysundet, Blålid og Angelshaug. (Sjå Fortet på Halsør , Fortet i Osmundsvåg , Store kystfort i Vemmelsvik og Blålid og Torpedobatteriet på Angelshaug .) 16 av desse fjellbunkerane er framleis intakte, og ved Måløy kyrkje fører ein nyrestaurert trappestige med 250 trinn opp til kanonstillingar og vaktpunkt over Måløysundet. Kommandoen for kystavsnittet vart flytta frå Nordfjordeid til Måløy etter Måløy-raidet.

Kommandosentral på Angelshaug

Kommandoen for kystavsnittet låg det første krigsåret på Nordfjordeid, og stridshandlingane frå tysk side vart leia derfrå under Måløy-raidet.

Radarstasjon på Kråkenes

Like aust for fyret på Kråkenes bygde den tyske marinen ein radar i mars 1942.

Bombetragedien med «Store Bill» i 1942

Fem nordfjordingar – fire frå Vågsøy og ein frå Innvik – vart drepne då frakteskuta «Store Bill» frå Måløy vart bomba.

Infanteristyrkar leia frå Måløy og Bryggja

Hausten 1943 vart Sogn og Fjordane delt i to forsvarsavsnitt, det eine for Sognefjorden og det andre for Nordfjord.

Shetlands-farten

førde til at fiskeflåten i Sogn og Fjordane vart sterkt redusert under 2. verdskrig. Av dei 300 norske båtane som drog til Shetland, kom 50 frå Sogn og Fjordane, og av dei 41 fiskebåtar. Med desse reiste omlag 500 personar. I Vågsøy var største våpenlageret plassert på øya Silda.

Vart arrestert fordi sonen fôr til England

Den 29. mars 1941 gjekk godsruteskipet ”Enos”, eigd av Johan N. Blaalid Rederi, til England.

På Silda var det våpenlager under krigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Silda var det våpenlager under krigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågsøy råka av Tælavåg-tragedien

Folk i den vesle bygda Vetvik på sidsida av Bremangerlandet og folk på øya Silda med postopnar Mons Silden i spissen, kom tidleg med i smugling av våpen til heimestyrkane. I Vågsøy var det største våpenlageret plassert på Silda. Dette var våpen som vart smugla vidare innover fjorden og delvis over til heimestyrkar på Austlandet. Ruta vart avslørt i 1942 etter opprulling frå Tælavåg i Hordaland. I Vetvik vart fire menn arresterte. Ein av desse var seinare tannlege (Kornelius) Ragnar Solheim (sjå denne – Bremanger kommune) som seinare vart tannlege i Måløy. Han fekk dødsdom, men slapp frå det i live. I Måløy vart kjøpmann Sverre Skibenes arrestert og send til konsentrasjonsleir i Tyskland, og det same hende med Mons Silden.

Sabotørane på Gangsøy

1944 vart tre Linge-karar sette i land på Gangsøy i Fåfjorden. Oppdraget var å sprengje fiendtlege skip på hamna i Måløy.

Hendanes fyr

ved Torskangerpollen var det fyret som var hardast råka då dei allierte på slutten av krigen freista å setje kystfyra ut av spel. Ved eit åtak på Hendanes fyr vart ungguten Audun Færestrand stygt såra i ein fot.

Flyangrepet i 1945

Den 22. april 1945 sette dei allierte inn eit stort flyangrep på tyske skip på hamna i Måløy. Fleire skip vart skotne i senk og rende på grunn med skadar. Ein reknar med at over 52 tyskarar miste livet ved åtaket, som er minna ved ein eigen stein på Moldøen.

NS-ordførar omkom i ”Thekla”-eksplosjonen

Etter krigen vart arresterte medlemmer av Nasjonal Samling sette til å rydde opp og fjerne ammunisjonslager etter tyskarane. I alt 20 norske NS-fangar og vaktmannskap omkom då ammunisjonslekteren ”Thekla” gjekk i lufta ved Oddane i Florø den 1. september 1945. Mellom desse var NS-ordførar i Sør-Vågsøy, Ingolf Hagevik, og kjøpmann Bjørn Cappelen Lem frå Måløy.

Falne og omkomne frå Vågsøy

Omkomne frå Vågsøy i krigsforlis

– eit oversyn.

Folk frå Vågsøy i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2011