Kyrkjer i Fjaler

Dale kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Dale kyrkje
vart bygd i 1864.
Guddal kyrkje
vart bygd i 1870.
Hellevik bedehuskapell
vart bygt i 1978. Arkitektar Johannes Brendehaug og Olav Hovland. Byggmeistrar Johannes Brendehaug og Jonas Lone. Altartavle, preikestol, døypefont og anna inventar frå byggeåret eller seinare.

Hellevik bedehuskapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Folkestad bedehuskapell
vart bygt i 1913. Arkitekt er ikkje kjend. Byggmeister Gerhard Folkestad. Huset vart først bygd som bedehus, og seinare utvida. Altartavle frå 1940 måla av prost Sigurd Folkestad. Utstyr og inventar elles frå byggeåret eller seinare.

Folkestad bedehuskapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kyrkje på Åsnes
I det gamle skriftet «Bjørgynjar Kalfskinn» står det at det på 1300-talet stod ei kyrkje på Åsnes ved Dalsfjorden. Kyrkja skal ha stått på garden Bakkebø.
Krossen i Korssund
Ved den gamle siglingsleia i det trange Korssundet står ein fire meter høg steinkross på ein haug. Sundet har fått namn etter den mystiske krossen.

Krossen i Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 13.10.2010