Kyrkjer i Førde

Førde kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Førde kyrkje
vart bygd i 1885. Eitt av dei flottaste kunstverka frå norsk barokk finn vi i Førde kyrkje. Det er altartavla frå 1643. Men det var på nære nippet at den praktfulle tavla hamna på skrothaugen.

Kyrkjelydshuset ved Førde kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Holsen kyrkje
vart bygd i 1861.
Haukedalen kyrkje
vart bygd i 1885. I 1928 vart kyrkja fylt av eit snøras.

Haukedalen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.12.2010