Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Høyanger

Kommunesenteret Høyanger fekk ikkje kyrkje før i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunesenteret Høyanger fekk ikkje kyrkje før i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger og Øvre Årdal var dei siste tettstadene i Sogn og Fjordane som fekk eigne kyrkjer. På dei to industristadene såg ein det langt viktigare å byggje samfunnshus og idrettshallar før det kom på tale å byggje eigne kyrkjebygg - sjølv om arkitektane som la dei første planane for desse industristadane alt tidleg på 1900-talet, hadde sett av plass til kyrkjer.

Lavik kyrkje

vart bygd i 1865 med åttekanta form.

Kyrkjebø kyrkje

vart bygd i 1869.

Bjordal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal kyrkje

vart bygd i 1906. Arkitekt var Victor Nordan og byggmeister Jo Hove frå Vik. Altartavla er eit glasmåleri frå 1935 av Egill Rognaldsen. Tidlegare var altaret prydd av ein kross. Kyrkjeklokke og inventar elles i kyrkja er frå byggjeåret 1906.

Private gravstader

I Sogn og Fjordane finst nokre få private gravstadar. Den mest kjende er "Fredensborg" for Landmark-slekta ved ættegarden på Tysse i Fjaler. Elles har Holmøy-familien ved tidlegare Holmøy Arbeidsskule ein privat gravstad på ein holme i Hornindalsvatnet, og ved Osen gard i Gaular ligg den private gravlunden til familien Storm. I 1914 fekk Anders Hansen Sørevik løyve til å opprette familiegravstad på garden i Sørevikane på Høyanger sørside.

Ortnevik kyrkje

vart bygd i 1925. Arkitekt og byggmeister var Lars Norevik.

Vadheim bedehuskapell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim bedehuskapell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim bedehuskapell

Bedehuskapellet i Vadheim vart bygt som bedehus i 1914 og vigsla som kapell i 1954. Arkitekt og byggmeister var A. A. Vattekar. Altartavla er måla av Wilhelm Bjørknes, og anna inventar i kapellet er frå vigsleåret 1954.

Høyanger kyrkje

vart bygd i 1960.

Gravplassen på Høgereina i Høyanger. Seinare er det kome ny gravplass på Sæbø-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravplassen på Høgereina i Høyanger. Seinare er det kome ny gravplass på Sæbø-sida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010