Kyrkjer i Lærdal

Borgund stavkyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Hauge kyrkje
Hauge kyrkje på Lærdalsøyri vart bygd i 1869.
Tønjum kyrkje
Tønjum kyrkje er bygd i 1832. Arkitekt ukjend. Byggmeister Tøger, Hafslo. Altertavle frå 1885 av A. Olsen.
Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje
Borgund stavkyrkje er bygd kring 1180 og er rekna som den best bevarte stavkyrkja i landet, og eitt av våre fremste nasjonale klenodium.
Borgund kyrkje
Borgund kyrkje, bygd i 1868, ligg like ved den gamle stavkyrkja.
Thomaskyrkja - huldrekyrkja på Filefjell
På slutten av 1100-talet vart det bygt ei stavkyrkje på Fillefjell. Den fekk namnet Thomaskyrkja. Dagens kyrkje vart bygd i 1971.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.05.2011